22. desember 2008

Gjeisp smittar har eg høyrt og erfara. Men at d smittar i sø stor grad som eg oppdaga på toget heim ville eg alli trudd! Rett immæ meg sat ein bornefamilie, mæ 2 små gutar. Faren sat å las for dei og livde seg skikkeleg inn i d han las. Då personen i boka gjeispa, gjeisa faren og, og berre d å høyre nokon gjeispe gjorde at eg og gjeispa!

Kanskje d og hae ein samanheng mæ at eg hae søvi 6 timar dei to seiste døgne!?!

I dag heve eg og Ingvild henta joletre. Skaren skrapa mot leggane, me vart våte på føtane, men treet var og er kjempefint!

19. desember 2008

I dag heve me lege i oljehyre på golvet å skrubba og skrubba for å få fekk tjære og talg og anna rusk! D æ seiste dagen på skulen fø i år, difor va d viktig at d vart ordentleg reint! D va knallartig å vaske når golvet va skeissebane og musikken fekk føtane te å hoppe!

16. desember 2008

Då eg va liten hekk d eit teppe/åkle i trappa hjå gome (farmor), og d heve eg alltid vore sø fasinera av. Lika sø godt fargane og kunne kje skjønne korleis d va laga, men d lurar eg kje på lengre! I dag starta eg å veva sjølv! Te no heve d berre blitt ein liten prøvelapp, men ette joleferien startar "alvoret", og d va sø moro å veva i dag og sjå mønsteret koma fram at eg kje heve behov fø ferie i d heile tatt, no vi eg berre fortsetje å veva og veva!

D æ mykje som må gjerast før ein kan starte å veva:
Fyrst av alt må ein bestemme kva mønster ein skø ha 1. Ein må lage renning= trådane som æ festa i veven, dei loddrette trådane når ein sit på veven 2. Ein må feste renninga på veven, og stramme dn te fingrane bli heilt blå 3. Sø må ein tre trådane gjennom noko som liknar ein kam 4. Ein må sø tre trådane gjennom noko som kallars hesper, d æ desse som styrer pedalane og pedalane styrer mønsteret 5. Sø må ein tre trådane gjennom kammen på nytt 6. Og sø må ein tre pedalane 7. Ein må og stramme adda trådane slik at dei bli like stramme 8. Sø må ein finna dei fargane ein vi ha og lage ei vikleprøve, ei prøve på korleis du vi at ditt ferdige produkt vi sjå ut 8.Sø må ein kanskje veva ein prøvelapp før ein kastar seg ut i "det verkelege liv" På dette bilete heve eg kome te punkt 6, og når eg skriv detta heve eg vore gjennom adde punkta!
Detta æ min prøvelapp, d fyrste eg heve veva sea bornehagen, og d æ like moro som d va dn gong, sikker ENDÅ moroare!

Her æ pedalane og d va litt av eit puslespel å tre dei rett, fø viss ein gjer feil bli heile mønsteret feil au!

15. desember 2008

I dag heve me hatt seiste dagen mæ valfag "Frå jord til bord", betre kjendt under namnet Mat! I dag laga me sylte og leverpostei, som me skø eta på joleavsluttninge.

Til en sylte på ca. 1 kg trenger du:
½ stk. svinehode
1 skive svinebog
1 ½ ss salt
1 ts pepper
½ ts malt nellik
½ ts malt allehånde
1 ts malt ingefær
2 ts gelatinpulver

Les framgangsmåten på: www.matprat.no/artikkel.aspx?artid=7933
Før (og no) var d vanleg å lage sylte av grisehovud, men sea menneske heve sø lik anatomi som grisen er d lov å bruke andres hovud og!:

14. desember 2008



Tonje lagar mint på joleverstaden, der me og laga karamellar, piparkekehus, marsmallows, trøflar, nougat, sjokoladekaramellar, nøttesjokokolade o.l.

Eg heve akkurat gått luciatog!
Lærarungane æ alltid mæ, her Viljar og Vemund!

Tanteungen te Liv, miljøarbeidar på skulen!

Linnea, ein av skulehestane

Elin lagar seg jolepynt!
Endå ein lærarunge!

Pia lagar sjokolade mæ rosiner og nøtter, sjølv om eg trur ho åt d meste av sjokolada før ho rakk å ha resten av ingrediensane i!
Nok ein lærarunge, som kje klarte å halde hendane av piparkakehuset uansett kor mange gonger mor hennar sa d!

10. desember 2008

D æ kje i mangel på flotte solnedgangar, skispor i nysno og joleførebuingar som gjer at eg kje heve skrive har, d æ i mangel på batteri som gjorde at eg kje fekk dokumentera sola som la seg bak fjella og likna gull. D æ i mangel på tid, ell at eg brukar tie på å garve skinn, bake jolekaker ein heil dag, kaste egg og mandlar ivi heile kjøkenet, ha joleverkstad, ommøbelere heile matsalen, ha 3 timar langt dansekurs, planlegge open dag snart, vaske te romsjekk/joleferien, gjera ferdig jolegåver, setje opp ein kjempevev, gå på ski, hoppe ivi piggtrådgjerde, gå på skøyter og hjelpe ein vaktmestar mæ å setje opp joletre!

Skulle gjerne lagt ut nokre bilete, men i mangel på d kan eg gje ein lovnad om bilete snart ettesom eg heve skaffa meg batteri!

Eg heve baka bordstabels(bakels) og d va utruleg godt. D må adde prøve å lage heime i joleferien, d skø eg!

5. desember 2008

I dag....

...såg eg ei mor som sat i bilen og såg ut gjennom glasruta medan ungane var ute og gjekk på skøyter. Det var trist å sjå at ho kje brydde seg meir om unganes fritid, og heller vart sitjande i bilen.
heve eg sett noko som eg tidlegare berre har høyrt om, nemleg menneske som kastar heilt nye og bruklege ting. Her om dagen va me på besøk til ein gjenbruksstasjon, i samband med eit miljøprosjekt me har, og då kom d køyrandes ei dame med ein heilt ny kontorstol, lappen hekk framleis på. Ein av arbeiderane tok ei øks og hogg den sund, medan me sto å såg på. Me var der for å sjå korleis gjenbruksdelen fungerar, men resultatet vart at me såg at d kje fungera. D er trist at me kastar og øydelegg nye ting, og på sama tid er bekymra for miljø og kvar me skal gjera av alt søppelet!

Men for å skrive noko positivt, så har me fått kommunen veldig positiv til ideen om å starte ein gjenbruksstasjon i Rissa kommune, me skal ha møte med dei på måndag. Spennande kva utfallet blir!

2. desember 2008

Tenk

i dag va eg på biblioteket og eg heve alli før møtt noko sø hjelpsom og snill som bibliotekaren på biblioteket i Rissa. Eg gløymer som regel lånekortet mitt, men han berre smiler og seier "viss æ ikkje huske feil, så hette du ferr Rui" I dag va han ekstra hjelpsom, fø eg fann nemleg ei bok som eg ville låne. D viste seg at d eksemplaret eg fann kje va te utlån, men skulle gjevast vekk te alle 4-åringar som kom innom. Fø å sei d slik sø va d ei bornebok! Men mannen bak disken spratt opp og for inn på borneavdelinge for å finna eit anna eksemplar te meg. D gjorde han kje, men då sette han seg ned og registrera ei ny bok sø meg. Heile tia va han like blid:) I tillegg spurte eg om opningstiene te ei bu, og då sprang han opp på servicetorget i kommunen for å spørje om nummeret. Då han kom ned att ringte han, bue hae kje fast opningsti, sø han skreiv ned namn og nummer, han hae nemleg avklara på telefon at eg kunne ringe og sø kunne me avtale ei gong dei kunne halde ope! Utruleg! Ei anna gong spurte eg ette jolebøkar (i slutten av november), då beklaga han at dei kje hae sett dei fram endå, men han viste meg lageret deira, fann ein stol eg kunne sitje på og beklaga at d va kaldt og dårleg ljos på lageret!

BUssjåførane æ au i ei klasse fø seg. Dei svippar meir enn gjerne elevar frå folkehøgskulen uppom skulen, sjølv om kje d æ ein del av ruta! Då eg ei gong måtte bytte buss rett før eg skulle av beklaga bussjåføren d, og at d va sø kaldt i bussen (d va lunka, kje noko å klage ivi:) og sø sa han at han va lei seg fø at han hae gløymt å setje på varmen tidlegare. Då eg gjekk av bussen hjalp han kje berre bagasjen ut av bussen, men han hjalp meg med å få den på ryggen! D æ slik bussjåførar skø vera, han hae (og sikkert heve han d endå) skikkeleg bart, og d æ slik trønderske bussjåførar skø vera!

28. november 2008

Eg æ kje ufysleg patriotisk, berre veldig gla i songen ivi! Noreg æ eit fint land d!

27. november 2008

Språkforvirring

Dersom eg seie at nokon æ snål, sø meinar eg at nokon æ søt ell fin, medan dei fleste nordmenn då trur eg meinar rar og sær. Men dersom ein svenske seie at nokon æ snål, ja då meinar han ell ho at ein person æ gjerrig! Sø då eg ein av dei fyrste dagane sa at ein av ungane te ein lærar va snål, då tenkte både nordmenn og svensane sitt.

Me heve hatt utruleg mykje artig med at ord betyr ulike ting på ulike dialektar og språk. Som den gong ein nordmann fortalde om nokon som var sø rar, ja då trudde svensken av personen var søt. Og då eg sa at ein person va snål, ja då trudde folk at eg meina rar ell gjerrig!

23. november 2008

Dobbeltsete aleine på nattoget og maaange kosar. Slik va d å reise tebakars te skulen ette eksamen.

I dag va eg og Gunvor (seglingsentusiast nr. 1) på tur. Me gjekk rett opp ein fjellskrent (som likna mistenkjeleg på Flåklypa!) og då me trødde gjennom skaren låg d milliardvis av "små" haglkuler under snoen. Dei va like store som tuppen av veslefing!

Gjekk te toppen der me fann ei uthola bjørk, såg ein bitteliten fugl, nokre vassdropar på eit tre og ei utruleg utsikt i d sole gjekk ned. Det va ei knallfin blanding mellom frostblått og eldraudt, som ingen pensel kan herme etter!

Så sklei me ned att. D va sø bratt at me berre datt nedivi og stoppa av og d i d me kom borti nokre tre!

D va ein herleg liten tur! På onsdag heve eg fri, kanskje bli d tur på ny!?!


Nokre av dei millionane av haglkuler me fann gjøymt under snoen!







Utsikt ivi Rissa!

19. november 2008

Oppgåve 4

"Skriv kort om kvifor me fekk to jamstilte skriftspråk i 1885. Kva utfordringar møter bokmål og nynorsk i dag?"

Oppgåva va artig, eksamensvakta (Ragnhild Hovda) va ei engel, som passa på om eg hae alt eg trengte te ei kvar tid og underhaldning frå etasja under (Kurt hae spansktime, med musikkinnslag).

No æ eg ferdig, men d va trist å reise frå Kvitsund, fø eg møtte sø mange gamle kjende! I tillegg hae eg tappa bilen fø batteri (ikkje fyrste gong) sø d kom nokre venlege sjelar for å puffe den i gang! Fekk starta den te slutt!


Sigrun og Liv Astrid:
Eg skø helse masse frå Marie Cecilie og Ragnhild! Dei saknar dykk!

17. november 2008

Utan d minste ironi kan eg meddela at eg nyt å sitje heime, sjå utivi snoen som ligg på adde bare flekkar og lesa norsk. 17 timar att te eksamen.

Eg skriv innlegg nr. 2 i dag, båe med utgangspunkt i boka "Tekst og Tanke", men d æ fordi eg finn sø mykje spennade ell artig at eg syns d æ synd å skulle lesa d, fø sø å klappe boka att utan at nokon are får moglegheten te å lesa d.

Detta æ kje noko oppmuntrande lesing, men ein spennande måte å tenkje på.
"Schopenhauer blir først og fremst knytt til pessimisme. Tilværet har inga anna meining enn det som følgjer av den blinde viljen. Livskrafta, meinte han, og den viljen er noko som aldri kan tilfredsstillast. Livet blir difor ei samanhengande liding. Men han peikar på tre måtar å frigjere seg frå livsviljen på, og ein av dei er å gå opp i kunstopplevinga, den kan gje lindring. Til sjuande og sist er det likevel berre dei store tenkjerane som finn varig hjelp, nemleg ved å kunne gjennomskode elendet i livet"

Språkutviklinga frå 1850 til om lag 1900

Både bønder og borgarar var samde om at demokrati og folkeopplysning kravde eit skriftspråk som låg nærmare det språket folket talte. Å behalde dansk skriftspråk var altså ei dødfødd løysing. To alternativ stod att. Knud Knudsen arbeidde for det eine: å lage eit norsk ved å reformere det danske, altså fornorsking. Ivar Aasen arbeidde for det andre: å skape eit nytt norsk skriftspråk.

Dei fleste kjenner vel resultatet av "kampen" mellom Aasen og Knudsen, og nokre kjenner og til kven eg heiar på!

I morgo æ eksamen, og eg kan kje anna ell å glede meg (kje noko tull)

14. november 2008

Før midten av 1800-talet fanst d berre to bøker i ein vanleg familie: salmeboka og Bibelen. Dårleg forteneste og kummerlege kår gjorde det meir freistande å ty til brennevinet enn til boka. 16 liter i året per nordmann rundt 1850, mot 1,6 i dag, talar sitt klare språk.

Eksamen nærmar seg

For tida les eg ei tolking av novella "Lillebror" av Aksel Sandemose, om Ole som skadar veslebror sin Per.

"Kven har skulda for at Per døyr? Er det mora, som overlèt ansvaret? Eller er det Ole, som ikkje forstod at det å leike brannbil med ei barnevogn med ein baby i faktisk er farleg og dumt? Eit så lite barn har enno ikkje lært å skilje mellom fantasi og røyndom, leik og alvor"

Foreldra legg skulda på Ole

13. november 2008

Eg

heve lært at EU gjev bøtar dersom eit land bryt lovane, og desse pengane blir bruka te å lage nye lovar!

9. november 2008

Repslaging!

No heve eg bruka ei veke på å lære å lage taug på middelaldervis! Me heve laga taug av kokos, Manilla, Hamp (og kunsthamp), av aviser, lin, plastik, garn og lindebast. Ein anna ting me lærte va at det kun æ fantasien på set grensene for kva me kan laga taug av, sø i dag gjekk eg meg ein tur og plukka 2 meter høge stå, som skø tørke og bankast slik at eg får ut midten som sø kan tvinnast i hop te taug, eg gler meg!
Detta æ reperbanen me bruka, den va på 56 m. Ordentelege reperbanar æ på 330 meter, noko som tesvarar 1/10 nautisk mil ferdig taug.
Lind ette å ha lege ca. 3 månadar i vatn, og røyta, og sø tørka, klart til bruk!
Mia æ klar te å spinne lin!
Ferdig lindebasttaug!

7. november 2008

Stoppenåla

av H.C. Andersen

Det var en gang en stoppenål som var så fin på det at hun innbilte seg at hun var en synål. Pass nå på hva dere holder i! sa stoppenåla til fingrene som tok den fram. SLipp meg ikke! Faller jeg på gulvet, blir det vanskelig å finne meg igjen, så fin som jeg er. Det var nå svært, sa fingrene, og så klemte de henne om livet. Ser dere, jeg kommer med stort følge! sa stoppenåla, og så trakk den en lang tråd etter seg, men den hadde ikke knute. Fingrene styrte nåla like bort mot tøfflene til kokka, for overlæret var sprukket, og nå skulle det sys igjen. Det er et simpelt arbeid! sa stoppenåla. Jeg kommer aldri igjennom, jeg knekker! Jeg knekker! Og så knakk hun, Sa jeg det ikke! sa stoppenåla. Jeg er for fin til!

28. oktober 2008

Lakris og litt anna au.....

I dag va heile skulen på ein liten skogstur fø å plukke eineber. Ette turen laga me lakris av oppkoket. Visste du at ungane sprang rundt i skogen rett ette krigen å plukka store sekkar eineber og selde eineberlakris te 20 øre stykke?



I tillegg heve eg lært å nålebinde, og d æ sø moro at eg berre må fortsetje og fortsetje!

27. oktober 2008

Innlegg te Sigrun!

No ligg d eit ferdigskreve og innpakka brev te deg her i Trøndelag. D gler seg te å leggje ut på den lange ferda te Nepal, men utan adressa di kjem kje den konvolutten langt.

Sø Sigrun, ver så snill å skriv adressa di på sida di, slik at eg kan få sendt brevet!

26. oktober 2008

No heve eg akkurat vore på sykkeltur/oppdalsesferd, for å bli litt betre kjendt mæ området. Noko av d artigaste eg oppdaga var eit båtbyggeri der dei byggjer båtar store som Hurtigruta:

Båten eg såg va blå, men like stor. Eg kom nesten heilt bort te den, og då kjende eg meg så liten!

25. oktober 2008

Eg kan sitje på skulen og kose meg, men likevel tenkje og sjå fram te alt eg kan gjera ette skulen. Som t.d. å oppdatere bloggen min, lesa ei avis, gå meg ein tur ell skrive brev. Men sø innser eg at viss eg skø skrive eit brev, må eg passe på at eg kje skriv berre d eg skreiv på bloggen, for då bli d kje noko nytt å lesa for mottakaren. Eg syns d æ artig å skrive brev, men av og til syns eg d nesten æ litt meiningslaust viss mottakaren av breva mine uansett les bloggen min. Sø sit eg på skulen då og gler meg te å skrive brev, men når skulen æ slutt sø finn eg ut at eg kje heve lyst te å skrive brev lengre, og sø finn eg på noko anna. D endar med at eg blir sitjande på skulen neste dag og glede meg te å skrive brev, ell blogg. Men sø føler eg at eg kje heve noko spennande å skrive, og eg går litt lei av å skrive kva eg gjer kvar dag, sø då endar d med at eg kje skriv noko i d heile tatt, sjølv om eg kunne skrive mykje, fordi d har skjedd mange artige ting sidan forrige oppdatering! Men d æ kje sø enkelt å få d ned på papir, sø d høyrste like artig ut som d d va!

Ein treng kje skrive kommentar på alle blogginnlegg ein les, kje alle æ verdt å kommentere, men eg kjenner at d æ endå meir meiningslaust å skrive noko når ein får kjensla av at ingen les d ein skriv uansett. Eg æ kje flink te å kommentere eg hell, men d kan ein då endre på!

PS: kan kje alle "utlendingar" skrive adressa si på bloggsida si? Hint te Sigrun og Hilde!

I tillegg heve eg gløymt minnepennen min heime, sø d blir kje bilete heilt endå!

20. oktober 2008

Mådag 6.oktober:
Ette å ha slakta 2 villsauir, sykla eg te skulen og pakka. Sø tok eg bussen og ferja te Trondheim, der eg venta 5 timar på at nattoget skulle gange. Bruka tie på å sjå film "Den siste revejakta". Artig, men temmeleg meiningslaus film! Toget gjekk 23:05 og eg sat mæ glasi i hop mæ ei gamal bestemor, sø då va eg trygg og kunne søva. Kl.6:45 va toget på Gardermoen og ette 3 timar venting kom mor, far og Ingvild. D æ vanskeleg, om kje umogleg å beskrive kor herleg gøtt d va å sjå dei att! Sø tok me flyet te London og såg kønn om. Ein ting me såg mykje av va væpna vakter, gjerder og stengslar. Kjenner meg kje sø trygg når d står ei vakt mæ maskingevær rett ved med, sjav om d æ meininga å sikre vanlege og meir "viktige" folk. Me såg Big Ben, London Eye, Tower of London/Bridge, mann med laaaange dreds (heilt ned te foe), Madam Tussau (huff, skrekkabinettet va huff....måtte klamre meg te Ingvild og ville kaste upp, men d va kje sø skummelt når d va ferdig då), damer med himmla høge hælar på sykkel, masse politi ein kveld, filmen "The Duchess", ein libanesisk restaurant, mange libaneserar, damer i heildekkande kledsdrakt og mykje meir!

Sø va eg ei veke heime før eg reint tilfelig traff på Solveig og HC på togstasjonen i Oslo. D va utruleg herleg å møte Kvitsundfolk att. HC skulle sama vegen, og d æ alltid koseleg mæ reisefølge!

5. oktober 2008

Bilete frå haustutfarten

Båtane klare te heimreise. Frå venstre: Hildring, Skårungen, Nidaros og Frøya
"En himmel full av stjerner, blått hav så langt du ser, en jord der blomster gror, kan du ønske mer?"
Fyrste natta søv me ombord i båtane, men sille me på land måtte me klatre opp eit lite "fjell"
Me reiste sø tidleg at me va uppe fyri sole, d æ kje ofte, noko som gjorde d berre endå finare!
Adde delar av båten må utforskast og adde namn må puggast!
Frøydis og bøkåren som me slakta og som her heng på eit spyd, snart klar te å etast!
På heimturen va d sø mykje motvind at me måtte bli slept av Frøya!
Båten Nidaros frå Trondheim. Legg merke te at d sit ein på råa!
Me segla seiste biten, sø båten Frøya kunne sleppe å slepe oss lengre. Då den vart kvitt oss skaut den fart og vart borte blant hav, bølgjer, sol og himmel på eit blunk!
D va kanskje slik d såg ut når vikingar møttes te kamp på havet i "gamledagar"!
Fyrste leirplassen. Seinare vart d sø sterk vind og bølgjer at båtane gynga opp og ned som gummiender i badekaret!
Oppvasken blir d sø som sø mæ på tur, askjettar og bestikk fekk ein dupp i saltvatn før ein putta dei tebakars i kassa.

Diverse innMAT!
Pirattaxi!
Utsikt frå leirplassen og ut mot båtane
Me heve vassa i krabber, og d heve vore skikkeleg godt. Me la nemleg ut krabbeteiner kvar dag, og seiste dagen hae denna vesle krabaten lura seg mæ!

Mæ sol og blå himmel æ laftingen staden å sitje!
Motvind og ingen skyer fører to gode ting mæ seg: bølgjer og blå himmel!
Kappsegling te målet: Utsettøya
Leirplass nr. 2. Me måtte flytte leiren te are sia av øya fordi d va sø sterk vind at d va umogleg å koma ombord i båtane. Leiren ligg ca. midt på bilete, båtane te høgre for d raude naustet
Alt som sille på land vart frakta mæ taxibåtar, her æ d mat og songbøkar som skø på land.....!
Båtane morgonen me reiste heim
Når turen æ slutt må add bagasje og alle folk tebakars i båtane