26. mars 2010

På måndag tok eg bussen til ein fin liten plass utanfor Bergen, til ein stor bygning der det sto Salhus trikotasjefabrikk anno 1859. Kjentest ut som eg hadde gått tilbake i tid, og det var ei herleg kjensle

Fabrikken er no gjort om til museum og eg var det på mitt alle fyrste jobbintervju

Etter intervjuet fekk eg sjå ein film som fortalde historien bak industrieventyret Salhus trikotasjefabrikk og så fekk eg ein smugtitt inn i eit av roma der maskinene har stått sidan fabrikken vart stengt i 1989. Der inne lukta det så godt, av ull og gamledagar. Kom rett tilbake til 1859 att

Torsdag reiste eg heim til påske, til ein plass nedlest i sno og tåke, som ikkje har letta endå

I dag fekk eg ein telefon om at eg har fått arbeidet

Så no likar eg å kalle meg kulturhistorieformidlar (eller omvisar)

Og snart får eg masse lesestoff i posten som eg vil og må lære meg!

http://museumsnett.no/salhus/norsk%20trikotasjemuseum.htm

23. mars 2010

Er trua på at det finst ei høgare makt noko me har lært? Eller vil kven som helst som aldri har lært noko om religionar henvende seg mot noko som er høgare enn seg sjølv når ein havnar i ein farleg situsajon?

Eg er ikkje religiøs i dag, men eg kan tenkje meg at om eg havnar i ein livsfarleg situasjon der eg kjenner at eg misser kontrollen ville eg kunne henvende meg til ein gud. Den guden ville då kanskje vera nokså lik den kristen guden, sidan det er kristendomen som er statsreligionen og det er den eg kjenner best til

Eg berre lurar på om eg hadde kome til å henvende meg til ei høgare makt om eg havna i ein slik situasjon om eg aldri hadde lært noko om religionar, aldri lært at nokon menneske trur at det finst meir mellom himmel og jord enn det ein kan ta og føle på

Vil eit slik menneske berre stole på seg sjølv, eller ligg trua på noko meir i hovudet utan at det treng å bli planta der?

Religionar har oppstått ei gong, og det må vel bety at det var noko før det? Kva tenkte dei menneska?