5. juni 2011

Schlafmohn




I dag har eg lært at valmue på tysk heiter Mohn, og at Ole, Dole og Doffen heiter Tick, Trick og Track!

Og eg har høyrt froskar synge så høgt i kor at det nesten ikkje gjekk ann å snakke saman

30. mai 2011

Sundagstur

I dag var eg på sundagstur. Sykla oppover Main-Donaukanalen og eg såg så mykje fint. Eg berre sykla og sykla, og hadde heile tida noko nytt å feste auga på. I dag har Tyskland fått ein større plass i hjarta mitt, her er så fint og folk er så trivelege. Eg punktera og er sikker på at eg hadde fått hjelp med ei gong, om eg hadde spurt. I staden la eg frå meg sykkelen og gjekk oppover ein grusveg. Der traff eg på nokre høner og ein katt, som sprang med ein gong den såg meg. På vegen gjekk eg forbi åkrar med valmuar og ein allee av kirsebertre. Eg fantasera om kva paradis som kunne ligge i enden av vegen, men vegen enda i ein skogkant. No veit eg i alle fall kor eg skal bygge meg hus! På veg tilbake åt eg så mange kirseber eg berre kunne, og fekk litt (innbilt) mageknip! Turen endå med at eg måtte trille sykkelen til nærmaste togstasjon, og sitje å sjå på alle toga som køyrde forbi utan å stoppe! Men turen var heilt fantastisk!










18. april 2011

15. april 2011

No er det slutt på tre veker med språkkurs

Det vart feira med internasjonal buffe, der alle skulle ta med mat frå sitt eige land

Dette tok eg med:


Bollen låg surra fast i kurven bak på sykkelen min

Og eg haldt pusten kvar gong det kom ein liten hump

Men alt gjekk bra

Og alt vart borte!

12. april 2011

Bamberg

For tre veker sidan kom eg til Bamberg, Bayern, Tyskland! og d var nokså tilfeldig at eg havna akkurat her, for til slutt hadde eg surra så lenge med å finne ein plass å reise til at eg berre måtte skrive eit namn på ein lapp! Og d vart Bamberg!

Så eigentleg var det berre flaks at eg havna her! Og d er eg så UTRULEG gla for!

I Bayern bur dei uordentlege og rotete tyskerane, dei uhøgtidleg patriotiske, dei artigaste og trivlegaste tyskerane og dei med dei artigaste dialektane!

Bamberg er eit funn. Eit torg fullt av blomar, frukt og grønt, kronglete gater med gamle bygningar, bakeri med lokale søtsaker, ein liten kanal som renn rett gjennom sentrum og ein mengde isutsal!

Dessutan er ikkje veret så verst heller. D er herleg når ein aldri treng å ha på seg meir enn eit lag med klede!





Dei tre vekene eg har vore her har eg hatt eit intensivkurs i tysk for utanlandsstudentar! D kan hende mykje av d eg har lært har vore repetisjon av d eg har lært tidlegare, men d kan eg ikkje hugse så mykje av. Derfor var d så artig å oppdage kor lett d eigentleg er å snakke tysk! Ein treng ikkje kunne alle orda, d er berre å forklare med hendar og føtar. Slik lærer eg heile tida ei mengde nye ord, og d er så herleg å kjenne korleis hjernen sug til seg alle nye ord!

Men no har eg eit problem! I morgo har me ein avsluttande test for intensivkurset, og i kveld har eg hatt mitt eige intensivkurs. D har skjedd så mykje anna at eg heilt har gløymt at eg skulle arbeidd med gramatikk undervegs. D straffar seg no! Så i kveld står preposisjonar, perfekt, adjektivbøying, relativ pronomen, konjunktiv 2, passiv og bestemming av artikklar på programmet!

Heldigvis er det å bu i ein liten trivleg by der dei snakkar d språket du vil lære deg tusen gonger meir motiverande enn kun å ville gjera d bra på ei prøve!

24. mars 2011

No sit eg å ventar,

på at bussen skal reise til Oslo

på flyet som skal ta meg til Frankfurt

på måndag då eg startar på universitetet i Bamberg, Tyskland!

på at eg endeleg skal bli god i tysk

på påskeferien

på besøk av mor, far og Ingvild

1. mars 2011

Eg er kanskje i ferd med å få meg Facebook

Veit ikkje om eg likar det

No treng eg nokon argument mot, ellers endar det vel som eg fryktar