18. september 2008

Har du nokon gong opplevd at noko som æ sø moro, skummelt, spennande og nytt på ei gong, at munnen kje klarer å setje ord på d og handa kje klarer å skrive ned korleis opplevinga va!?! Eg hae ei slik oppleving i går! Då va eg å segla, i hop mæ 17 are i ein ordentleg treseglbåt, og eg hae d sø moro at eg kje kan la vera å smile mæ heile fjeset berre eg tenkjer på d. Adde sto hulter te bulter og visste kje heilt høtt dei skulle gjera, men sø spør båteigaren om kje eg vil styre!! Sø då fekk eg stå oppe bak på båten, med knallutsikt, medan resten vart sett te å dra i segl og taug. Sø lærte eg høtt eg skø gjera fø å få mest mogleg vind i seglet, slik at d går fort, og eg lærte korleis ein snur båten, både mæ og mot vinden.

Seinare fekk eg i oppgåve å styre eit taug kalla skautet, som styrer nedre del av seglet. Eg heve aldri segla før (bortsett frå på leirskulen...), men d va sø spennande og d va sø mange nye ord, namn og uttrykk som eg vi lære meg. Eg skø koma meg på biblioteket sø fort som mogleg, fø no vi eg lære meg alt om færingar, åfjordsbåtar, riggar, master, skaut, brass, vantar o.l. Føtane mine kriblar berre eg tenkjer på at me skø på ei vekes segltur om 1 veke, og på alt eg kan lære meg før den tid.

Då eg gjekk i land hekk månen rett over oss og eg var sø gla som d æ mogleg å bli!