30. juli 2008

Ein ferie på grensa........

På sundag klarte eg og Ingvild mæ nød og neppe å koma kønn heim frå Hilde i Halden. Av ein ell anna grunn som ikkje EG kan forklare va bankkortet mitt avmagnetisera, sø heile turen gjennom livde eg på Ingvild. Me va på handletur både i Noreg og Sverige, noko som gjekk bra, og me tenkte alli på at eit kort heve sine grenser!! På sundags"morgonen" sprang me gjennom Halden by fø å rekkje togi te Oslo, me hae 40 min, me trengte 45! På veg gjennom byen konkludera me mæ at me ikkji hae ti te å ta ut pengar i minibank og satsa på at Narvesen/billettluka va sundagsope (slik som me æ veni mæ heimafrå). Men, Neidå! Då kasta me oss ivi nermaste uniformera mann som sa at togi berre tok kredittkort (noko me ikkji hae). Derfø hjalp han kønn mæ billettautomata utta at me kom
nokon veg, av dn enkle gronn at Ingvild va blakk! (men d hae ikkji me skjønna endå) Derfø va me mæ gøtt mot i de me som dei vante byfok me æ traska inn på Oslo S.
3 minibankar og like mange kioskar ettepå byrja realiteten å gange upp fø kønn! Då va me komi te d stadie at tårene trilla og ei framtid som tiggarar ikkji va altfor fjern! Men mæ litt sjarm og eit blidt fjes fekk me lov te å sitje på mæ bussen heim, mot lovnad om at nokon skulle betale fø kønn då me gjekk av bussen! D fekk me ordna, sjølv om vår kjære mor og far var på andre sia av landet!

D va slutten på ein kjempekoseleg tur hjå Hilde! Me va på sykkeltur og nesten badetur! Me kose oss i utandørs badstue, i parken midt i Halden (då Hilde va på arbeid), på indisk restaurant, i Svinesundsparken (som me trudde va i Sverige, men viste seg å vera i Noreg, noko me fann ut då bussjåføren prøva å å kaste oss av bussen. Men så smilte han og lot oss køyre resten av vegen gratis. Han lo gøtt då me gjekk av......!) Ellers låg me på verandaen i 30+ varmegrader og hae d supert!

Go sommar.....!

Mæ eit par gnagsår og litt flaks viste d seg av Norske sporveier hae problem mæ å få festa vognene i hop, og derfø rakk me d.