4. februar 2010

Kor går grensa......

....for å reise seg for eit eldre menneske på bussen? Når eg tek bussen får eg som regel sitteplass fordi eg går på så tidleg, men etterkvart må eg nesten alltid reise meg fordi det kjem nokon som har meir glede av den plassen enn meg. Eg har ikkje noko i mot å stå, men av og til lurar eg på om eg skal reise meg eller ikkje

Eg tek meg i å tenkje "er den mannnen gamal nok" eller "kanskje den dama er så gamal at ho blir glad når eg reiser meg". Eg er ikkje avhengig av positiv respons når eg gjev frå meg setet slik, men det hender nokon blir fornærma fordi du tenkte at dei kunne ha glede av å sitje på bussen

Så kor går eigentleg grensa for å reise seg for eit eldre menneske på bussen?

3. februar 2010

Eg let meg ikkje lure av reklame


Eg let meg ikkje lure til å kjøpe eit produkt når det er tilbod på det, for då tenkjer eg at eg ikkje skal la meg lure

Derfor handlar eg ikkje når det er tilbod på varer

Men etter å ha sett ei reklame kvar dag i 14 dagar, byrjar eg å tenkje på at eg eigentleg har litt lyst på wienerpølser

Så det hendre eg kjøper ei vare rett etter at tilbodet er slutt, for då har eg i alle fall ikkje gått på limpinnen

Eller det er kan hende akkurat det eg har

2. februar 2010

Eg les 25 sider om forholdet mellom menneska og kyrne i jordbrukssamfunnet i Norden i jarnalderen

Eg les 50 sider om bygdeborger, forsvarsverk, forsvarsteknikkar, rangordning i militæret, spyd, skjold, sverd, fangstfeller, rituell slakt osv

Eg ser på 100 bilete av d sama

Er d rart eg drøymer at eg er på jakt med pil og boge, eller at eg slår ned alle eg møtter som kan vera potensielle fiendar?

Kva skjer då no når eg byrjar å lesa om myrlik?