19. april 2010


No har "ein" som heiter Max Marketing ringt til meg 5 gonger sidan eg kom att til Bergen, og det er berre ei veke sidan. "Han" er ein telefonseljar som stiller alle moglege spørsmål for å selje resultatet til alle moglege bedrifter. Har fått spørsmål om kva matforretningskjede som er best på ferske brød, frukt og grønt osv, kva bank som har best rente på boliglån osv. Syns slike telefonar er litt artige eg, men det som plagar med er at han Max ikkje har vit til å ringe når eg har telefonen med meg.

Max foretek undersøkjingar som han sel vidare slik at bedrifter kan vita korleis marknaden er og kva forhold kundane har til ulike produkt. Men eg har byrja å lure på om ein kan stole på slike undersøkjingar. For svarar folk ærleg og gjennomtenkt på slike spørsmål per telefon?

No har eg venta så lenge på å få svara når Max ringer at no drøymer eg om det og. Drøymde at han ringte og så enda det med at han skulle anmelde meg til politiet fordi eg ikkje hadde svara ærleg.

Kanskje kan eg lære noko av den draumen og?