27. september 2008

Denne veka heve eg vore så opptatt mæ handarbeid at heile kveldane har gått med, difor har eg kje hatt "tid" te å oppdatere før no! Me heve nemleg lært å veva på grindvev:

D æ ein rar reidskap. Fyrst tenkte eg at den ser rar ut og at eg kje skjønnar korleis ein brukar den, men mæ ei gong læraren forklare høtt me skulle gjera gjekk d som ein leik. Sø no tenkjer eg meir på dei som fann ut at dei skulle setje saman nokre trefliser, tre nokre trådar gjennom og lage alt frå skjerf og hattebremm til bunadsband og liknande. Me har laga både skjerf og no heve me gått over til litt meir komplisera ting, plukkevev. D går ut på at ein skal, for å få mønster, plukke opp ulike trådar for kvar omgang, men d æ kje berre berre.....


Dette æ noko av d ein kan lage på ein grindvev. Sø no æ d berre å setje i gang mæ å laga bunadsband.....

I går tok me ei lita pause i vevinga og lærte om linberedning! Den delen av prosessen som tek lengst tid var kje me mæ på, dn går nemleg ut på at ein må dra linen opp mæ røtane og så leggje heile planta i jorda slik at ho rotnar. Når d æ gjort må linen tørkast litt før ein kan starte å broke linen. D gjer ein for at strået utanpå skal løsne, slik at fibrane kjem til syne:

Etter d må ein gre linfibrane, fyrste mæ ein trekniv (ein skakekniv) og så tredd gjennom spikerar for å berre å få dei finaste fibrane att! "Spikrane" var kjempekvasse og eg va sø uforsiktig at eg klarte å dra heile veslefing ivi ein av spikrane! (gler meg te å få saltvatn på den fingen:) Til slutt fekk me dette att:

Frå venstre: Margaritalin (lin bruka i Noreg frå gamalt av), lin som berre er behandla med bråke, Rigalin (lin frå Riga)

Viste du at d var vanleg å gje tenesteguten ein linskjorte (ikkje av finaste kvalitet) for at han skulle bruke ho til ho vart mjuk og utan stråbitar. Då kunne husbonden overta skjorta, for då var den god nok for han!

23. september 2008

ENDELEG BILETE (og iviskrift)

Fredag for 2 veker sea skulle lærarene få fri, difor reiste adde elevane opp på Blåheia, eit stort fjell mæ utsikt laaangt utover. (kontordama fortalde om bestefar sin som påsto han høyrde kyrkjeklokkene i Roma når d va vindstille uppå der:) Me heve berre hatt finver i haust og himmelen va heilt blå og gjekk i eit mæ havet i de øyane forsvann i horisonten!
Utsikt frå Blåheia, ned mot Rissa. Skulen ligg eit stykkje mot venstre og ned!


Skulen driv økologisk jordbruk og då æ d om å gjera å bruke sø lite motorisera krefter som mogleg, difor va d hestane som "fann fram" jordeple! For at me skulle skjønne høss tungt arbeid hestane eigentleg driv mæ, fekk me prøve å draga opp to rekkjer mæ jordeple sjav. Me va ca. 15 stk og d va TUNGT! Då får ein skikkeleg respekt både for hestane og menneska som dreiv på denne måten!

Heile forrige veke hae me dugnad og plukka jordeple, rydda, bygde, vaska, stelte dyr og alt anna som va mogleg å oppdrive av arbeid:) Me hae d kjempekoseleg adde saman, og d skø vera sikkert at ein treng kje betale i dyre dommar på eit kurssenter for å drive mæ team-buildning, når adde samlast te felles arbeid.

Ein VIKTIG ting må nemnast: På laurdag føremiddag fakk eg besøk av tante Marjit, onkel Eric, Kari og Augond og Venke. D va utruleg koseleg å sjå nokre fjes som eg heve kjent meir enn ein månad, og som skjønnar alt eg seie, bortsett frå når eg heve mat i munnen (ein av dei fyrste dagane gjekk eg forbi elevkjøkenet, og akkurat i det eg gjekk forbi sa ei stemme der inne at, "Ja d er vanskelig å forstå dansk (me heve 2 danskar på skulen), men d er enda værre å forstå telemarkinger...")D va sø herleg å sjå at familie og no gler eg meg berre ENDÅ meir te haustferien!

På fredag hae me opplæring i ulike arbeidsteknikkar, slik at ein kje skø øylegge ryggen heilt (mæ ei gong). T.d. lærte me høssi mæ skø bera ein bevistlaus person og ei ubevisst person. Heile vika vart avslutta mæ Nøstiade (Olympiade på garden Nøst), romegraut, spikjemat og låvedans. Me dansa både vals/kostevals, reinlender, pols, polka, mars, masurka, limbo, og hae stolleiken (der stolane va bytta ut mæ gutar:) Avslutta kvelden (seint) mæ å draga på meg ullgenseren og sykle tebakars te skulen.