30. mai 2011

Sundagstur

I dag var eg på sundagstur. Sykla oppover Main-Donaukanalen og eg såg så mykje fint. Eg berre sykla og sykla, og hadde heile tida noko nytt å feste auga på. I dag har Tyskland fått ein større plass i hjarta mitt, her er så fint og folk er så trivelege. Eg punktera og er sikker på at eg hadde fått hjelp med ei gong, om eg hadde spurt. I staden la eg frå meg sykkelen og gjekk oppover ein grusveg. Der traff eg på nokre høner og ein katt, som sprang med ein gong den såg meg. På vegen gjekk eg forbi åkrar med valmuar og ein allee av kirsebertre. Eg fantasera om kva paradis som kunne ligge i enden av vegen, men vegen enda i ein skogkant. No veit eg i alle fall kor eg skal bygge meg hus! På veg tilbake åt eg så mange kirseber eg berre kunne, og fekk litt (innbilt) mageknip! Turen endå med at eg måtte trille sykkelen til nærmaste togstasjon, og sitje å sjå på alle toga som køyrde forbi utan å stoppe! Men turen var heilt fantastisk!