30. november 2010

Om to dagar har eg eksamen så akkurat no er det det einaste eg tenkjer på. Eg klarer ikkje tenkje på noko anna, alle andre ting blir utsett til etter eksamen

Klarer ikkje ei gong levere eit ferdigadressera brev til Posten eller ta oppvasken før eg er ferdig med eksamen. For det kan no hende at den tida eg brukar på å poste eit brev er den tida eg hadde bruka til å lesa om akkurat det eg får spørsmål på eksamen! Ein kan aldri vita!

No har eg site på biblioteket frå kl 9 til kl 19 fleire dagar, og det er eigentleg veldig fint. Tidleg på dagen er eg kjempeoptimistist og tenkjer på alt eg kan rekkje å gjera i løpet av heile dagen. Så når eg pakkar i hop bøkane mine, etter at ei Securitasvakt har sagt at "Nå stenger vi", kan eg tenkje at i dag har eg i alle fall gjort så godt eg kan, no kan eg ikkje gjera meir. Bortsett frå å lesa eit par timar etter at eg kome heim! Det er herleg å gå gjennom Bergen sentrum før det er blitt ordentleg ljost om morgonen, og så gå heim att etter at det er blitt mørkt. Det er det!

Eg vurderar faktisk å gå på biblioteket sjølv etter at eg har hatt eksamen, berre fordi det er så herleg å gå heim att derifrå!

29. november 2010

Om tre dagar er det eksamen

Hovudet går frå å tenkje "Ja, dette går bra, eg har full kontroll" til "Eg kan INGENTING!". Akkurat no har eg heldigvis ei kjensle av at eg byrjar å kunne ein del, men...

No er det heldigvis kveld og då tenkjer eg alltid at det eg får lesa no slepp eg lesa i kveld. Det er verre midt på dagen, for då berre tenkjer eg at alt eg ikkje får lese i dag må eg lesa i morgo!

16. november 2010

13. november 2010

I dag sprang eg gjennom og rundt heile Bergen sentrum, det har eg aldri gjort før. Det er lengre sidan eg har teke på meg joggesko for å spring, men no var det berre herleg. Har aldri opplevd at der er godt å springe før, men no har eg funne ut at det er utruleg herleg og motiverande å springe blandt masse folk, for kvar gong eg spring forbi nokon spring eg litt fortare berre for å vise dei!

Då eg var ferdig med å springe traff eg på ein amerikansk hippie på sykkel. Han levde på sykkelen, og sjølv om han hadde vore mange år i Bergen var ikkje det så lett å høyre. Me snakka om situasjonen i Israel, om pengebruk, San Fransisco på 70-talet, EU, nedlegging av helsetiltak og reduksjon i pensjon, engasjement for saker ein verkeleg brenn for, kjærleik, einsame menneske (og at det er berre einsomme menneske som er verkeleg frie), fridom både til å gjera med livet akkurat det ein vil og fridom til å vera aleine, utan at det gjer ein einLærye

Lærte og kva Martini eg måtte drikke med ein god ven etter å ta teke Flåmsbanen og kor lenge den skulle ligge i eit vatn for å få perfekt temperatur, korleis laga skikkeleg is av fløyte med 40% feitt og akkurat ved kva hus eg må stå ved i Lofoten for å få sjå den finaste plassen i verda

Det var eit fint og lærerikt møte med ein fremand

7. november 2010

Trikotasje=strikka plagg

1859: To unge menn frå Slesvig i Tyskland, Philip Christian Clausen og Johan Ernst Christian Ramm, kjem til Salhus og etablera Salhus Tricotasjefabrik
1860: Den fyrste arbeidarboligen vert bygd. Her bur det over 40 arbeiderar (i dag bur det ein familie her). Tidlegare hadde kun vore to gardar og eit gjestgiveri i Salhus
1863: Fabrikken brukar i starten bomull som dei får ferdig spunne frå Arna. No fekk dei eige ullspinneri. Bakgrunnen var den amerikanske borgarkrigen som førte til råvaremangel og høge bomullsprisar
1868: Eigen direktørbolig med utsyn over fabrikken og heile boligområdet som vaks fram med alle som kom frå distriktet for å få arbeid. Fabrikken gav tomt og lån til dei som ville bygge seg hus. Fleire tok ned lemstovene (lafta Vestlandshus) sine frå t.d. Osterøy og rodde husa sine inn til Salhus. Direktørboligen vert seinare bruka som gamleheim for tidlegare arbeiderar. I tillegg hadde arbeiderane ved Salhus Tricotasjefabrik eige sjukekasse lenge før det vart innført i resten av landet
1878: Fabrikken bygger eigen skule for arbeidarungane. Påkrevd når ein har fleire enn 30 tilsette. Fabrikken bidro og til bygging av Salhus kyrkje, losjihus og idrettshall. Dei var med på å stifte musikkorps, idrettslag og turnforening
ca. 1890: Kom dampmaskina. Tidlegare hadde alle strikke- og symaskinene vore handdrevne
1896: Fabrikken er fyrste norske fabrikk med automatisk rundstrikkemaskin til produksjon av sokkar
1915: Fabrikken får eigen transportbåt "Olav Tryggvason", som hentar kol og leverar ferdige varer som lange underbukser, sokkar, garn, islenderar og undertrøyer i fyrsteklasses kvalitet (Krone Makko)
1919: Innføring av 8 timars arbeidsdag, tidlegare 12 timar. Middagspause mellom 12.00 og 13.30. Dei gifte kvinnen gjekk heim ein time før for å stelle middag
1923: Fabrikken får ei rekkje nye maskiner, t.d. eit bomullsrenseri. Pengeskapet blir sprengt og lønningane forsvinn. Lønningane forsvinn 3 gonger. Ei gong kullsegla bybåten og i 1880 arrangera farbikkbestyraren eit innbrot og tok pengane sjølv
1928: Salhus får vegforbindelse, framleis er fjorden den viktigaste ferdselvegen
1949: Fabrikken kjøper opp Birkelund Trikotasjefabrikk med boligar
1961: Det arbeider 325 menneske på fabrikken
1962: Fabrikken bygger eige badeanlegg for arbeiderane
1966: Får Noreg sitt fyrste krympeanlegg. Nødvendig fordi fleire no vaskar kleda sine i maskin
1967: Emil Clausen (grunnleggaren sin son) døyr 93 år gamal, etter å ha vore leiar for fabrikken i nesten 60 år
1967: Sterk auke i salet
1980: Gjennomføring av rasjonalisering og omorganisering, ca 120 arbeiderar
1989: Ca 50 i arbeid. Til slutt blir fabrikken lagt ned
2001: Fabrikken blir gjort om til museum og er eit av 8 nasjonale industriminne
2010: Får eg arbeid som omvisar og får bli ein del av denne spennande og lange historien. Det er eit veldig takknemleg arbeid å få vise folk rundt i museumet. Store delar av maskinene står som dei sto då det var drift på fabrikken og det er så moro å slå på maskinene fordi ei rekkje av desse er frå slutten på 1800-talet, men kan framleis brukast

Museet held ope tysdag-fredag og sundag heile året!

De er hjartleg velkomne!

5. oktober 2010

No har eg fått meg ny paraply. Den er fin og svart, med trehandtak som avsluttast i ein fin sving slik at den ser ut som ein spaserstokk

Kvar gong eg brukar den må eg le litt. For eigentleg er ein paraply berre eit tøystykke ein held over hovudet med hjelp av nokre pinnar

Så eg ler litt eg

2. oktober 2010

A million please

Det finst per i dag ca 25 000 atomvåpen i verda, det er nok til å utslette den menneskelege sivilisasjonen minst 10 gonger

I dag vart eg stoppa av ICAN (The International Campaign to Abolish Nuclear Weapons), som arbeider for ein atomvåpenkonvensjon som skal forby all utvikling, besittelse og bruk av atomvåpen. A million please er det nye prosjektet til ICAN, som har som formål å laga verdas lengste videokjede. Prosjektet vart starta på 65-årsdagen til bombinga av Hiroshima og Nagasaki, og har som mål å få ein million menneske til å be om eit forbod mot atomvåpen

I dag vart eg ein av dei

Sjå videoen på www.millionpleas.com

29. september 2010

Trikotasje=strikka plagg

1859: To unge menn frå Slesvig i Tyskland, Philip Christian Clausen og Johan Ernst Christian Ramm, kjem til Salhus og etablera Salhus Tricotasjefabrik
1860: Den fyrste arbeidarboligen vert bygd. Her bur det over 40 arbeiderar (i dag bur det ein familie her). Tidlegare hadde kun vore to gardar og eit gjestgiveri i Salhus
1863: Fabrikken brukar i starten bomull som dei får ferdig spunne frå Arna. No fekk dei eige ullspinneri. Bakgrunnen var den amerikanske borgarkrigen som førte til råvaremangel og høge bomullsprisar
1868: Eigen direktørbolig med utsyn over fabrikken og heile boligområdet som vaks fram med alle som kom frå distriktet for å få arbeid. Fabrikken gav tomt og lån til dei som ville bygge seg hus. Fleire tok ned lemstovene (lafta Vestlandshus) sine frå t.d. Osterøy og rodde husa sine inn til Salhus. Direktørboligen vert seinare bruka som gamleheim for tidlegare arbeiderar. I tillegg hadde arbeiderane ved Salhus Tricotasjefabrik eige sjukekasse lenge før det vart innført i resten av landet
1878: Fabrikken bygger eigen skule for arbeidarungane. Påkrevd når ein har fleire enn 30 tilsette. Fabrikken bidro og til bygging av Salhus kyrkje, losjihus og idrettshall. Dei var med på å stifte musikkorps, idrettslag og turnforening
ca. 1890: Kom dampmaskina. Tidlegare hadde alle strikke- og symaskinene vore handdrevne
1896: Fabrikken er fyrste norske fabrikk med automatisk rundstrikkemaskin til produksjon av sokkar
1915: Fabrikken får eigen transportbåt "Olav Tryggvason", som hentar kol og leverar ferdige varer som lange underbukser, sokkar, garn, islenderar og undertrøyer i fyrsteklasses kvalitet (Krone Makko)
1919: Innføring av 8 timars arbeidsdag, tidlegare 12 timar. Middagspause mellom 12.00 og 13.30. Dei gifte kvinnen gjekk heim ein time før for å stelle middag
1923: Fabrikken får ei rekkje nye maskiner, t.d. eit bomullsrenseri. Pengeskapet blir sprengt og lønningane forsvinn. Lønningane forsvinn 3 gonger. Ei gong kullsegla bybåten og i 1880 arrangera farbikkbestyraren eit innbrot og tok pengane sjølv
1928: Salhus får vegforbindelse, framleis er fjorden den viktigaste ferdselvegen
1949: Fabrikken kjøper opp Birkelund Trikotasjefabrikk med boligar
1961: Det arbeider 325 menneske på fabrikken
1962: Fabrikken bygger eige badeanlegg for arbeiderane
1966: Får Noreg sitt fyrste krympeanlegg. Nødvendig fordi fleire no vaskar kleda sine i maskin
1967: Emil Clausen (grunnleggaren sin son) døyr 93 år gamal, etter å ha vore leiar for fabrikken i nesten 60 år
1967: Sterk auke i salet
1980: Gjennomføring av rasjonalisering og omorganisering, ca 120 arbeiderar
1989: Ca 50 i arbeid. Til slutt blir fabrikken lagt ned
2001: Fabrikken blir gjort om til museum og er eit av 8 nasjonale industriminne
2010: Får eg arbeid som omvisar og får bli ein del av denne spennande og lange historien. Det er eit veldig takknemleg arbeid å få vise folk rundt i museumet. Store delar av maskinene står som dei sto då det var drift på fabrikken og det er så moro å slå på maskinene fordi ei rekkje av desse er frå slutten på 1800-talet, men kan framleis brukast

Museet held ope tysdag-fredag og sundag heile året!

De er hjartleg velkomne!

22. september 2010

I starten av sitt forfattarskap ynskte Bjørnstjerne Bjørnson å nytte Aasen sitt landsmål, noko han gjorde med fyrsteutkastet til "Arne". Utgjevinga vart ikkje så godt motteke, og det var vanskeleg å selgje boka. Seinare bytta Bjørnson forleggar og fekk utgjeve "Arne" på nytt, men då var ikkje målforma den sama lengre.

Hadde Bjørnson ikkje møtt slik motvilje med landsmålet og berre fortsett slik han starta kan det tenkast at "Ja, vi elsker", kunne vore på landsmål!

19. september 2010

I dag var eg med på Student Hike. Det er ein tur opp til Fløyen og så ein runde oppe i Bergensfjella, arrangera av BuddyBergen. Det er ein organisasjon som knyt norske og utanlandske studentar saman. Kvar norske student får "utdela" ein utanlandsk student og poenget er å vise studenten "din" kva Bergen har å bu på som studentby.

På turen vart me dela inn i grupper på 5-6, på gruppa mi var me to norske, ei tysk og to frå Taiwan. Det er veldig artig å snakke med folk frå andre land, for samtala får fleire innfallsvinklar, på sama tid som ein oppdagar at ein ikkje er så ulike.

Gruppe 8: Anne Mette (fotograf), Signe, Marina, Hung-Ju og Hank



Sjå på desse nydelege tree. Dei var på ein måte heilt perfekt utforma, og så likna dei slike tre me hadde i LEGO heime!

Ulriken



Midt i løypa "mista" me reisefølget frå Taiwan. Dei hadde visst gått ein heilt anna veg, men til slutt kom dei til rette att. Som avslutning på turen fekk me middag, servera under to store telt midt i skogen!

Prikken over i-en var gratis tur med Fløybanen ned, det visste ikkje eg (fordi eg hadde gløymt å lesa på lappen) med det gjorde gått for to gummistøvleføtar!

18. september 2010

I går gjekk eg tur i regnet. Det regna både mykje og lenge. Etter ei stund tok eg meg i å tenkje "tenk å bu ein plass der det regnar heile tida!". No har det seg slik at eg bur i Bergen, der det visstnok regnar nokså mykje. Veit ikkje om eg er blitt vandt med regnet her eller om det er slik at det ikkje regnar så mykje som mange trur? I alle fall er eg glad eg ikkje bur ein plass der det regnar heile tida!

14. september 2010

Eit blikk fullt av takksemd

Mange gonger har eg gått forbi dei som sit på gata med eit pappkrus. Dei er så synlege, og eg har tatt meg i å lure på kva eg skal gjera. Det er som å sjå sitt eige dårlege samvit kvar dag og prøve å unngå augekontakt med det. Pengar vil eg ikkje gje dei, for dei veit eg ikkje kvar havnar

Ein morgo gjekk eg med eit eple i lomma. Det låg der å venta på at eg skulle bli svolten. Eg gjekk mot ein eldre mann i rullestol, som kvar dag sit på sama hjørne og som eg har sett så mange gonger før. Det byrja å vakne ein tanke i hovudet mitt, om det eplet

Eg mista motet og gjekk forbi han. Eg vart så sinna på meg sjølv, fordi eg tok meg i å tenkje at han kanskje vart fornærma om eg bau han eplet mitt. Ein som sit heile dagen og ventar på litt av andre menneske sin godhet blir ikkje fornærma av eit eple

Eg kjente framleis eplet i lomma. Med eplet i ei utstrakt hand gjekk eg mot ein mann eg har sett så mange gonger før. Det eg fekk tilbake var ei anna utstrakt hand og eit blikk

Då eg gjekk vidare hadde eg tårer i auga, og ein klump i halsen. Det forundra meg litt at eg skulle få vondt i meg av å gjera eit anna menneske noko godt

Tårene låg der lenge, og om kvelden forsto eg endeleg kvifor dei kom. Det var blikket mannen sendte meg, eit blikk fullt av takksemd

6. september 2010

Mor og far var her i helga og det var herleg, berre HERLEG! Dei reiste i går og det var vondt, men det gjekk over.

No er eg tilbake i studiemodus og sit med oppgåva "Gjer greie for framveksta av symbolproduksjon i paleolitikum. Kva ulike uttrykksformer nytta dei før-historiske menneska i denne perioda?"

Før-historiske menneske?

1. september 2010

Eg liver
Eg er i Bergen
Om 2 dagar får eg internett
Då skriv eg meir

7. juli 2010

Forrige torsdag hadde eg besøk av ein journalist på støylen. Han laga ein reportasjeserie om "Verdas beste sommararbeid". Den dagen var himmelen heilt blå, sola varma føtane mine og geitane var berre snille, så det var ikkje vanskeleg å overbevise journalisten om kor fint det er å vera budeie. Han arbeidde for Telemarkssendinga, så høyr på denne kanalen (P1) kvar måndag 6.40 framover, så kjem eg nok til slutt.

I dag var den ein anna journalist på støylen, som har 50 års jubileum i år, for å laga ei reportasje om feiringa. Han filma alt eg gjorde, og spurte om masse om drifta. Det var ikkje så lett å svara lett og naturleg med eit kamera rett i fleisen, men me får no sjå korleis det går. Det kjem både på radioen, ei gong over helga, og 3 min på fjernsynet, men eg veit ikkje kva program det kjem på.

Det vil eg heller eigentleg ikkje vita, for eg har ikkje så lyst til å sjå det. Men eg måtte no berre sei i frå.

20. juni 2010

No er geitane komne opp på støylen, og det har eg og. Der skal eg vera størstedelen av sommaren, i lag med desse:









Så dersom du vil eta molter, blåber, brunost, sjokolade og drikke kefir, ligge i lyngen å lesa, vakne om morgonen av geitar som ventar på DEG, pusse tennane i sama bekk som 200 geitar, sova under open himmel, ro midt ut på vatnet og sovne der i båten, gå opp ein bakke for så å snu seg og nyte utsikt som får ein til å tenkje kor heldig ein er som er der akkurat no, gå i gummistøvlar, men likevel bli brent av brennesle fordi den er høgare enn deg, sitje på ein stein som nokon sat på for 10 000 år sidan eller rett og slett berre ligge i graset med blå himmel og sol og kjenne deg levande, så er DU HJARTLEG VELKOMEN! Berre ta med sovepose og ullgenser!

26. mai 2010

I går sat eg på bussen. Fleire plassar i bussen sat det nokon som høyrde på musikk, på øyra. Problemet var berre at dei spela så høgt at alle andre og høyrde det, noko som faktisk irriterar meg nokså mykje. Løysinga på problemet blir anten å gå rundt til alle for å spørje om dei kan skru ned volumet eller å setje musikk på eigne øyre. Eg valde den seiste løysinga, noko eg eigentleg ikkje likar. For kvar gong eg reiser på langtur med buss eller tog tenkjer eg at i dag er ein mogleghet for å snakke med eit nytt menneske. Ein kan ikkje det med musikk på øyra, men likevel vel eg som regel den løysinga, og slik stengjer eg ute heile verda, ein tanke eg ikkje likar.

19. mai 2010

Hjelp meg!

”Det sku bo folk i husan, husan e som folk. Folk treng hus og hus treng folk, i all si tid.”
Kari Bremnes

Eg treng hus. Ein plass å bu i Bergen frå august til desember!

Hjelp meg!

Bilete seier meir enn ord, og slik såg min 17.Mai ut. Det var rett og slett ein artig og kjempefin dag!





























17. mai 2010


Eg trudde eg hadde blitt vaksen på dei 4 åra som har gått sidan bilete eg held i hand vart teken, men eg kan ikkje sjå så mykje forskjell. Einaste må vera at eg har fått større nase, og eg veit ikkje om det er noko sikkert alderdomsteikn?

Eg veit ikkje om eg såg ut som ein 21-åring då eg var 16, eller om eg ser ut som ein 16-åring no? Ikkje at eg bryr meg så veldig, har ikkje nådd ein alder der eg skulle ynskje eg var yngre, noko eg håpar eg aldri gjer.

Kvar gong eg ser reklame på alders- eller rynkekrem tenkjer eg at når eg blir gamal skal eg gå alderdomen i møte med heva hovud. Dessutan vil eg mykje heller vera eit frisk skrukketroll enn ei sjuk barbiedokke!

15. mai 2010

I stad var eg på butikken for å kjøpe meg middag, og no har eg vondt inni meg. Ikkje fordi maten ikkje var god eller fordi det var Fjordland, noko det faktisk var. Det var utruleg godt å ha i dag då eg plutseleg oppdaga kor svolten eg var og kor liten motivasjonen var for å laga noko sjølv. Dessutan reiser eg heim for sommaren om ei veke, så eg vil ikkje kjøpe masse nye matvarer som eg ikkje kjem til å bli kvitt. Men innlegget skulle ikkje handle om Fjordland eller vera ei forsvarstale der eg prøvar å forsvaret valet mitt, det syns eg ikkje er nødvendig.

Grunnen til at eg har det vondt i meg er at då eg var på butikken såg eg nokre ferdigrettar som gjekk ut 14.mai. Eg spurte om eg kunne få dei til halv pris, men då reiv butikkdama dei ut av armane mine. Så diskutera me ei stund om kor mykje mat butikkane kastar og så sa eg at eg kom vel til å finne att middagane ho hadde tatt frå meg att i søppla, men då sa ho at Coop låser inn all søpla si. Så no ser eg berre for meg eit lagerrom og eit matsøppeltårn, med god og brukleg mat.

Då eg gjekk frå butikkdama kjente eg kor vondt eg hadde i meg. Skulle ynskje eg hadde kjøpt alle pakkene, men no ser eg dei berre for meg på toppen av eit gigantisk matsøppeltårn, noko som gjer meg vondt, frustrera og sinna.

Då eg kom heim kom eg i hug at eg skulle berre kjøpt dei og så klage på dei, ettersom Coop gjev pengane tilbake dersom kunden klagar. Det hadde vore så mykje betre å hatt middag i fleire dagar framover, og så klage etterpå slik at eg hadde fått att pengane mine, då slapp i alle fall tre kyllinggryter unna søppeltårnet.

14. mai 2010

I går var det Kristi himmelfartsdag, ein heilagdag då ungar hadde fri frå skulen og mange fri frå arbeid. Eg hadde uansett fri så for meg så hadde ikkje den dagen så mykje å sei, men akkurat som på 1.mai var det nokre butikkar som var opne. Det er ikkje så vanskeleg å ikkje gå på butikken akkurat den dagen, men eg gjorde det likevel og fekk ei kjensle av at eg gjorde noko eg ikkje burde.

Det gjald kanskje særleg 1.mai. Eg gjekk på butikken, men eigentleg tenkte eg at eg ikkje burde gjera det, for då var eg med på å oppfordre butikkar til å halde opne den dagen, noko eg eigentleg ikkje er så begeistra for. Er det så veldig vanskeleg å halde stengt ei dag når butikken er open kvar dag (sundag au) til vanleg?

På heilagdagar og flaggdagar og andre fridagar byrjar eg alltid å tenkje på korleis eg kan markere denne dagen. Eg byrjar å lure på korleis folk feirar slike dagar. Nokre av desse dagane syns eg ikkje at kan gå forbi meg som vanlege dagar. Det gjeld særleg dagar som 1. og 8.mai.

Eg føler det er dagar som er noko ekstra, som ein ikkje kan gjera til kvardagar og derfor får eg og litt vondt i meg når eg går på butikken dei dagane

10. mai 2010

I stad høyrde eg på radioen og nyhetane. Det hadde hendt noko kriminelt og reporteren snakka med ein politimann, som heilt på slutten av intervjuet sa noko eg stussa på. "Vi gjør nå det vi kan for å løyse saken, så vi kan hindre at dette ikkje skjer igjen"

Vil ikkje det å hindre at ein ting ikkje skjer att vera det sama å ikkje bry seg i det heile?

Er det eg eller politimannen som er heilt på jorde her?

6. mai 2010

Hels på Lasse!




Dette er Lasse. Han kom for litt over ei veke sidan og er no blitt sjef i huset. Han kjem springande når du står opp, drikk vatn heile tida og gjev deg klar beskjed om han treng meir, han legg seg over heile sofaen slik at me må sitje på golvet, han bit på alt han finn, nyttar kvart høve glaset er oppe til å hoppe ut, før ein av oss klarer å få tak i han i hoppet. Han likar på bli knikka på nesa, men med ei gong han er lei bit han til, han likar å leike med lodottar og likar at me bles dei opp i lufta så han kan ligge på ryggen å ta dei i mot!
Han er eit herleg vesen!
Han skal bu hjå oss fordi han ikkje lika seg hjå Dyrebeskyttelsen og til det kjem ein familie som vil adoptere han.
Han er ein artig type som me kjem til å gje bort med eit tungt hjarta!