30. mars 2010

Dette innlegget er ei stor takk til mor
Ho fann dei tre yndlingsgenserar min etter at eg hadde flytta frå folkehøgskulen, pakka alle kleda mine i svarte søppelsekkar, lagt dei rundt om i huset heime og skulle rydde. Då kasta eg ei mengde ting, og til slutt kunne eg ikkje sjå skilnaden mellom sekkane med klede og sekkane med søppel. Derfor trudde eg at dei var borte for alltid, noko som slett ikkje var noko artig eller populært, sidan eg har arva genserane både av mor og far. Har til og med sett meg sjølv som 2-åring på film, med far i bakgrunnen med ein av genserane mine! Så då mor leita etter anorakken sin og det viste seg at eg hadde pakka vekk genserane til vinteren att vart eg mykje meir enn utruleg overlykkeleg glad!

Så tusen takk mor!


28. mars 2010

Oppskrift på kake i ein fei!

6 eggekviter
500 g sukker
Piskast stivt
350 g peanøtter
1 pk Ritzkjeks
Hakkast og blandast i eggogsukker-blandinga i lag med
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Steik dette i ovnen i litt over ein time på 180 grader

Smelt to plater ljos kokesjokolade og 100 g smer, i lag med 6 eggeplommer og 100 g melis

Hell glasuren over kaka når den er kald

Legg så kaka i ein bolle og slå laus til den har gått sund, og ha bitane i ein miksmaster. Kaka skal vera heilt knust

Pisk eggedosis av 5 egg og ein god del sukker på slump og bland dette saman med den mosa kaka og 200 g grovhakka peanøtter

Steik kaka til den er mjuk inni og då har du endeleg ei kake som var lett å lage og som slett ikkje tok tid eller krefter