28. august 2009

I dag heldt eg på å sykle på ei duve. Ho berre sto der, rett framfor sykkelen min

26. august 2009

Båndomsminni

I dag heve eg opplevd noko som eg trudde eg kje skulle få oppleva att, men som skjedde mange gonger då eg va liten:

I dag sat eg å drakk ein kartong sjokolademjølk, og kom plutseleg på at me plaga å brette ut alle brettane, blåse dei opp og hoppe på dei då me va små. Og d gjorde eg.

Her om dagen, då eg sat å venta på bussen, kom eg te å tenkje på at eg ofte hadde skrubbsår i håndflatane før, fordi eg alltid tok meg for når eg tryna. Slike skrubbsår heve eg kje hatt på mange år, men i dag fekk eg d att. D kjentest gott, d æ liksom ein kjenner seg litt meir i live når ein skadar seg litt.

Skrubbsår bli d nok mange av framivi, for eg heve funne eit fotballag, og dei spelar på grusbane.

23. august 2009

Planen va å kaupe seg ny data. Noko eg trudde bli temmeleg enkelt.

Tysdag sykla eg rundt i heile Bergen, men fann berre ei bu som selde datamaskiner. Hjå Expert fann eg ei datamaskin som passa meg perfekt, både i pris og storleik. Sø då eg reiste å handla på onsdag og kom heim mæ vedunderet tenkte eg at no va alt som d skulle. Og at eg endeleg kunne setje meg ned og starte mæ studiane.

Dessverre hae forhandlaren (mæ eit uhell) lura meg og sagt at dn hae CD-rom, men d kunne eg slett kje finna. Sø på fredag skulle eg berre ned ein liten tur fø å få ein av dei mange oransjkledde karane te å peke på CD-romet som eg hae leita sø lenge ette. Men då måtte dei berre beklage at eg hae fått feil opplysningar, men at eg kunne bytte te ein litt større modell. Men då måtte eg hava kassa og adde ledningane, sø derfø sette eg meg på sykkelen og sykla dei 10 min upp at te husi.
Då eg kom ned att va eg ved godt mot, og tenkte at no æ vel alt i orden snart.
Men då eg skulle betale og hae trygt PINkoden 2 gonger, kom eg i hug at kortet som eg kunne koden te hae eg klypt i to og sendt i posten sama dagen, og at kortet eg hae i lomma va ubrukleg sø lenge eg kje kunne koden. Og at koden kunne eg berre få tak i om eg hae ein data og at eg berre kunne få ta i ein data om eg hae koden.
Expertkarane prøva fleire måtar å hjelpe meg på, men te slutt måtte eg setje meg på sykkelen ei 3. gong og koma meg heim. Då betalinge te slutt va ordna, gjekk eg ut av bue og tenkte at "her bli d lenge te eg skø inn att", kaupe meg ein is og tok bussen heim.

Og då eg endeleg hae lagt meg på sofaen og dataen lasta inn program og det på skjermen sto at eg IKKJE måtte slå av dataen, då starta toreveret. Det bulra og braka skikkleg. Eg vart kje redd, men d vart nok dataen, fø plutseleg kom d upp mange feilmelingar på skjemen, og eg tenkte at no hae eg gjort d store.
Må innrømme at eg va temmeleg nervøs då eg på laurdag va innom Expert for 6.gong på 3dagar, fø eg hae kje betala noko idiotforsikring på dataen, og eg trudde at d va eg som hae øylagt dataen. Men ein av dei 10 oransjkledde karane eg heve rødd mæ kunne fortelje meg at d va masse tull mæ akkurat dn modellen, og at eg kunne bytte dn når eg ville.

Endå ei gong gløymte eg kassa og ledningane heime. Tenkte eg skulle få ordna heile greia litt fort, men då eg på veg ut sa at eg ville bytte tebakars te dn mindre modellen som alt hae vore heimom ein liten tur kunne dei fortelje at dessverre sø hae dei kje fleire att av dn modellen i bue. Men at eg berre kunne reise te Expert Fana, og få ordna alt der. Berre reise dit. jaja, fyrst måtte eg no få tak i kassa og ledningane, og finna bussen te Fana. Noko eg fann ette å ha spurt 8-9 personar. Sø eg sat å venta på bussen, men då dn endeleg kom kunne bussjåføren fortelje meg at eg eigentleg va på feil buss, fø no måtte eg gå ein stubb. Ette 20 min kunne sjåføren meddele i høgtalaren at "honn som sko ti Expert Fana kan gå av her", og sø forklara han meg vegen.

D va sikkert kje sø langt, men d høljregna sø d va kje nokon å spørje om vegen. Men te slutt fann eg ein gangtunnel og til slutt Expertskiltet. No tenkte eg at no skø eg berre få ordna detta i full fart og sø koma meg heim att. Men forhandlaren hae kje sø mykje erfaring, og han skjønna kje høtt eg sa og omvendt. Men te slutt gjekk alt bra, og eg kunne setje meg på bussen og puste ut.