15. mai 2010

I stad var eg på butikken for å kjøpe meg middag, og no har eg vondt inni meg. Ikkje fordi maten ikkje var god eller fordi det var Fjordland, noko det faktisk var. Det var utruleg godt å ha i dag då eg plutseleg oppdaga kor svolten eg var og kor liten motivasjonen var for å laga noko sjølv. Dessutan reiser eg heim for sommaren om ei veke, så eg vil ikkje kjøpe masse nye matvarer som eg ikkje kjem til å bli kvitt. Men innlegget skulle ikkje handle om Fjordland eller vera ei forsvarstale der eg prøvar å forsvaret valet mitt, det syns eg ikkje er nødvendig.

Grunnen til at eg har det vondt i meg er at då eg var på butikken såg eg nokre ferdigrettar som gjekk ut 14.mai. Eg spurte om eg kunne få dei til halv pris, men då reiv butikkdama dei ut av armane mine. Så diskutera me ei stund om kor mykje mat butikkane kastar og så sa eg at eg kom vel til å finne att middagane ho hadde tatt frå meg att i søppla, men då sa ho at Coop låser inn all søpla si. Så no ser eg berre for meg eit lagerrom og eit matsøppeltårn, med god og brukleg mat.

Då eg gjekk frå butikkdama kjente eg kor vondt eg hadde i meg. Skulle ynskje eg hadde kjøpt alle pakkene, men no ser eg dei berre for meg på toppen av eit gigantisk matsøppeltårn, noko som gjer meg vondt, frustrera og sinna.

Då eg kom heim kom eg i hug at eg skulle berre kjøpt dei og så klage på dei, ettersom Coop gjev pengane tilbake dersom kunden klagar. Det hadde vore så mykje betre å hatt middag i fleire dagar framover, og så klage etterpå slik at eg hadde fått att pengane mine, då slapp i alle fall tre kyllinggryter unna søppeltårnet.

Ingen kommentarer: