6. mai 2010

Hels på Lasse!




Dette er Lasse. Han kom for litt over ei veke sidan og er no blitt sjef i huset. Han kjem springande når du står opp, drikk vatn heile tida og gjev deg klar beskjed om han treng meir, han legg seg over heile sofaen slik at me må sitje på golvet, han bit på alt han finn, nyttar kvart høve glaset er oppe til å hoppe ut, før ein av oss klarer å få tak i han i hoppet. Han likar på bli knikka på nesa, men med ei gong han er lei bit han til, han likar å leike med lodottar og likar at me bles dei opp i lufta så han kan ligge på ryggen å ta dei i mot!
Han er eit herleg vesen!
Han skal bu hjå oss fordi han ikkje lika seg hjå Dyrebeskyttelsen og til det kjem ein familie som vil adoptere han.
Han er ein artig type som me kjem til å gje bort med eit tungt hjarta!

2 kommentarer:

Kristian Alfsvåg sa...

Dere kan ikke adoptere ham, altså?

Signe sa...

Me har eigentleg ikkje lov til å ha husdyr der eg bur, og så reiser alle bort om sommaren

Dessutan er eg ikkje så glad i å ha katt i byen, Lasse er ein utekatt som no dessverre må vera inne heile tida stakkar!