I stad høyrde eg på radioen og nyhetane. Det hadde hendt noko kriminelt og reporteren snakka med ein politimann, som heilt på slutten av intervjuet sa noko eg stussa på. "Vi gjør nå det vi kan for å løyse saken, så vi kan hindre at dette ikkje skjer igjen"
Vil ikkje det å hindre at ein ting ikkje skjer att vera det sama å ikkje bry seg i det heile?
Er det eg eller politimannen som er heilt på jorde her?
2 kommentarer:
Politimannen
Dobbel neikting! Dette er ein særs uheldig planke å driste seg ut på, dei fleste forvirrar seg sjølve og endar opp med å seie det motsette av det dei meiner. Og mottakaren må verkeleg tenkje seg om for å skjøne kva dei meinte. "Dette er ikkje ei uheldig utvikling", vil sume kanskje påstå. Eg neiktar å vere ikkje usamd!
Legg inn en kommentar