Eg er komen heim til kjøkenskåp fulle av mandlar, sjokolade, mjøl, sukker, melis, egg, smør, fløte og alt anna ein treng for å baka til jol. I tillegg heve eg bakedilla og god tid.
Denne uppskrifta fann eg på internett og ho som hae lagt dn ut sa at d va favoritten i familien, sø då måtte eg prøve:
Islandske mammakaker:)
Kakedeigen:
125 g smør
250 g sirup
125 g sukker
1 egg
1/2 kg mjøl
2 ts natron
1 ts ingefær eller litt mindre pepper
Smørkrem:
5-6 ss smør
2 koppar melis
1 eggeplomme
2 ss fløte
1 ts vaniljesukker
-Varm opp smør, sukker og sirup i ei gryte. Avkjøl litt og rør inn egget
-Bland mjøl, natron og ingefær i ein bolle. Tilsett det våte og kna saman
-Lat deigen stå til neste dag
-Kjevl tynt og stikk ut kaker med ei hjarteform. Steik midt i ovnen på 180
-Bland saman smørkremen og legg ei ts mellom to hjarta
-Lat dei ligge nokre dagar, då blir dei mjuke og GODE
No heve eg akkurat gjøymt dei ferdige kakune, slik at far kje skø finna dei:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar