6. september 2010

Mor og far var her i helga og det var herleg, berre HERLEG! Dei reiste i går og det var vondt, men det gjekk over.

No er eg tilbake i studiemodus og sit med oppgåva "Gjer greie for framveksta av symbolproduksjon i paleolitikum. Kva ulike uttrykksformer nytta dei før-historiske menneska i denne perioda?"

Før-historiske menneske?

1. september 2010

Eg liver
Eg er i Bergen
Om 2 dagar får eg internett
Då skriv eg meir

7. juli 2010

Forrige torsdag hadde eg besøk av ein journalist på støylen. Han laga ein reportasjeserie om "Verdas beste sommararbeid". Den dagen var himmelen heilt blå, sola varma føtane mine og geitane var berre snille, så det var ikkje vanskeleg å overbevise journalisten om kor fint det er å vera budeie. Han arbeidde for Telemarkssendinga, så høyr på denne kanalen (P1) kvar måndag 6.40 framover, så kjem eg nok til slutt.

I dag var den ein anna journalist på støylen, som har 50 års jubileum i år, for å laga ei reportasje om feiringa. Han filma alt eg gjorde, og spurte om masse om drifta. Det var ikkje så lett å svara lett og naturleg med eit kamera rett i fleisen, men me får no sjå korleis det går. Det kjem både på radioen, ei gong over helga, og 3 min på fjernsynet, men eg veit ikkje kva program det kjem på.

Det vil eg heller eigentleg ikkje vita, for eg har ikkje så lyst til å sjå det. Men eg måtte no berre sei i frå.

20. juni 2010

No er geitane komne opp på støylen, og det har eg og. Der skal eg vera størstedelen av sommaren, i lag med desse:









Så dersom du vil eta molter, blåber, brunost, sjokolade og drikke kefir, ligge i lyngen å lesa, vakne om morgonen av geitar som ventar på DEG, pusse tennane i sama bekk som 200 geitar, sova under open himmel, ro midt ut på vatnet og sovne der i båten, gå opp ein bakke for så å snu seg og nyte utsikt som får ein til å tenkje kor heldig ein er som er der akkurat no, gå i gummistøvlar, men likevel bli brent av brennesle fordi den er høgare enn deg, sitje på ein stein som nokon sat på for 10 000 år sidan eller rett og slett berre ligge i graset med blå himmel og sol og kjenne deg levande, så er DU HJARTLEG VELKOMEN! Berre ta med sovepose og ullgenser!

26. mai 2010

I går sat eg på bussen. Fleire plassar i bussen sat det nokon som høyrde på musikk, på øyra. Problemet var berre at dei spela så høgt at alle andre og høyrde det, noko som faktisk irriterar meg nokså mykje. Løysinga på problemet blir anten å gå rundt til alle for å spørje om dei kan skru ned volumet eller å setje musikk på eigne øyre. Eg valde den seiste løysinga, noko eg eigentleg ikkje likar. For kvar gong eg reiser på langtur med buss eller tog tenkjer eg at i dag er ein mogleghet for å snakke med eit nytt menneske. Ein kan ikkje det med musikk på øyra, men likevel vel eg som regel den løysinga, og slik stengjer eg ute heile verda, ein tanke eg ikkje likar.

19. mai 2010

Hjelp meg!

”Det sku bo folk i husan, husan e som folk. Folk treng hus og hus treng folk, i all si tid.”
Kari Bremnes

Eg treng hus. Ein plass å bu i Bergen frå august til desember!

Hjelp meg!