i meir enn i ordi at me halda den arven i stad, at når fedrane sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land. Ivar Aasen
20. desember 2009
Jula kjem alltid
Endeleg så lavar det
og himmelen står tett
av kvite snugg som fell
no skal det endeleg bli rett
For ingen kan ver ake seg på bar og skitten mark
og utan snø som fell er det farvel til ski og spark
Men jula den kjem alltid om det regner eller snør
og sola den snur alltid
det er bra ho ikkje spør
Ja jula den kjem alltid om det regner eller snør
Eg er så glad for det har snødd ein time eller tre
i går så var det regn og vind og ingen vil vel det
Nei regn og vind det høyrer til med sommarsol og sjø
og no vil me ha stjerneskot og måneskinn og snø
Men jula den kjem alltid om det regner eller snør
og sola den snur alltid
det er bra ho ikkje spør
Ja jula den kjem alltid om det regner eller snør
Eg er så trist for mens eg sit og diktar denne song
har snøen blitt så rar og det er ikkje fyrste gong
Ånei no har det blitt så mildt at regnet vann igjen
Og all den snø som var så fin blir borte smått om senn
Men jula den kjem alltid om det regner eller snør
og sola den snur alltid
det er bra ho ikkje spør
Ja jula den kjem alltid om det regner eller snør
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar