27. september 2008

Denne veka heve eg vore så opptatt mæ handarbeid at heile kveldane har gått med, difor har eg kje hatt "tid" te å oppdatere før no! Me heve nemleg lært å veva på grindvev:

D æ ein rar reidskap. Fyrst tenkte eg at den ser rar ut og at eg kje skjønnar korleis ein brukar den, men mæ ei gong læraren forklare høtt me skulle gjera gjekk d som ein leik. Sø no tenkjer eg meir på dei som fann ut at dei skulle setje saman nokre trefliser, tre nokre trådar gjennom og lage alt frå skjerf og hattebremm til bunadsband og liknande. Me har laga både skjerf og no heve me gått over til litt meir komplisera ting, plukkevev. D går ut på at ein skal, for å få mønster, plukke opp ulike trådar for kvar omgang, men d æ kje berre berre.....


Dette æ noko av d ein kan lage på ein grindvev. Sø no æ d berre å setje i gang mæ å laga bunadsband.....

I går tok me ei lita pause i vevinga og lærte om linberedning! Den delen av prosessen som tek lengst tid var kje me mæ på, dn går nemleg ut på at ein må dra linen opp mæ røtane og så leggje heile planta i jorda slik at ho rotnar. Når d æ gjort må linen tørkast litt før ein kan starte å broke linen. D gjer ein for at strået utanpå skal løsne, slik at fibrane kjem til syne:

Etter d må ein gre linfibrane, fyrste mæ ein trekniv (ein skakekniv) og så tredd gjennom spikerar for å berre å få dei finaste fibrane att! "Spikrane" var kjempekvasse og eg va sø uforsiktig at eg klarte å dra heile veslefing ivi ein av spikrane! (gler meg te å få saltvatn på den fingen:) Til slutt fekk me dette att:

Frå venstre: Margaritalin (lin bruka i Noreg frå gamalt av), lin som berre er behandla med bråke, Rigalin (lin frå Riga)

Viste du at d var vanleg å gje tenesteguten ein linskjorte (ikkje av finaste kvalitet) for at han skulle bruke ho til ho vart mjuk og utan stråbitar. Då kunne husbonden overta skjorta, for då var den god nok for han!

Ingen kommentarer: