8. juli 2008

Har vore i eit område utan dekning....



... i litt ivi ei veke, men no har eg litt "fri", d vil sei at eg æ heime og surrar i staden for å gjæte geitane heile dagen, men eg mjølkar dei endå! D æ stort sett slik sommaren min kjem te å sjå ut, men d har eg ingenting i mot:) Ei heil veke har eg budd aleine, og må innrømme at d var litt av ein ivigang frå internatlivet på Kvitsund til tilværet som einebuar på fjellet!



Ein vanleg dag for meg denne sommaren startar med at klokka ringer kl. 6, så rekk eg å eta litt før eg må i fjoset kl. halv 7. Når eg æ ferdig rundt 8-9, og eg endeleg har fått ut alle geitane, noko som kje er berre enkelt når d æ regn ute. Eg treng kje reise te Pamplona når ein har 180 geitar å bli ronni ned av. Når d æ fint ver,knyter eg på meg skoene og går ein tur:



På fredag gjekk eg heim ivi fjellet og detta æ utsikte rett før ein kjem ivi kanten der d startar å gå ned att, og rett heim!





D æ sø mykje myrull her uppe at d mest æ heilt kvitt some stadar!

Kveldsstellet startar halv 5, og når eg æ ferdig kring 7-8, kan eg kose meg saman mæ geitane heilt te eg må leggje meg!

Ingen kommentarer: