9. januar 2011




Slik har jole i Rui vore! Full av sno, blå himmel og sol. For meg varer denne joleferien til slutten av mars. Då reiser eg på utveksling til den tyske byen Bamberg og blir der til august! Endeleg skal eg lære meg skikkeleg tysk, ettersom all undervisning er på dette språket! Og eg gler meg så!

Så før den tid kan eg gjera som eg vil. Framom meg har eg to og ein halv månad utan nokon store planar... Bortsett frå at eg i morgo set meg på flyet til Amsterdam med einvegsbillett og har få eller ingen planar om kva eg skal gjera der!

Når eg kjem att er einaste planen å gå på ski og reise på hyttetur utan selskap

30. november 2010

Om to dagar har eg eksamen så akkurat no er det det einaste eg tenkjer på. Eg klarer ikkje tenkje på noko anna, alle andre ting blir utsett til etter eksamen

Klarer ikkje ei gong levere eit ferdigadressera brev til Posten eller ta oppvasken før eg er ferdig med eksamen. For det kan no hende at den tida eg brukar på å poste eit brev er den tida eg hadde bruka til å lesa om akkurat det eg får spørsmål på eksamen! Ein kan aldri vita!

No har eg site på biblioteket frå kl 9 til kl 19 fleire dagar, og det er eigentleg veldig fint. Tidleg på dagen er eg kjempeoptimistist og tenkjer på alt eg kan rekkje å gjera i løpet av heile dagen. Så når eg pakkar i hop bøkane mine, etter at ei Securitasvakt har sagt at "Nå stenger vi", kan eg tenkje at i dag har eg i alle fall gjort så godt eg kan, no kan eg ikkje gjera meir. Bortsett frå å lesa eit par timar etter at eg kome heim! Det er herleg å gå gjennom Bergen sentrum før det er blitt ordentleg ljost om morgonen, og så gå heim att etter at det er blitt mørkt. Det er det!

Eg vurderar faktisk å gå på biblioteket sjølv etter at eg har hatt eksamen, berre fordi det er så herleg å gå heim att derifrå!

29. november 2010

Om tre dagar er det eksamen

Hovudet går frå å tenkje "Ja, dette går bra, eg har full kontroll" til "Eg kan INGENTING!". Akkurat no har eg heldigvis ei kjensle av at eg byrjar å kunne ein del, men...

No er det heldigvis kveld og då tenkjer eg alltid at det eg får lesa no slepp eg lesa i kveld. Det er verre midt på dagen, for då berre tenkjer eg at alt eg ikkje får lese i dag må eg lesa i morgo!

16. november 2010

13. november 2010

I dag sprang eg gjennom og rundt heile Bergen sentrum, det har eg aldri gjort før. Det er lengre sidan eg har teke på meg joggesko for å spring, men no var det berre herleg. Har aldri opplevd at der er godt å springe før, men no har eg funne ut at det er utruleg herleg og motiverande å springe blandt masse folk, for kvar gong eg spring forbi nokon spring eg litt fortare berre for å vise dei!

Då eg var ferdig med å springe traff eg på ein amerikansk hippie på sykkel. Han levde på sykkelen, og sjølv om han hadde vore mange år i Bergen var ikkje det så lett å høyre. Me snakka om situasjonen i Israel, om pengebruk, San Fransisco på 70-talet, EU, nedlegging av helsetiltak og reduksjon i pensjon, engasjement for saker ein verkeleg brenn for, kjærleik, einsame menneske (og at det er berre einsomme menneske som er verkeleg frie), fridom både til å gjera med livet akkurat det ein vil og fridom til å vera aleine, utan at det gjer ein einLærye

Lærte og kva Martini eg måtte drikke med ein god ven etter å ta teke Flåmsbanen og kor lenge den skulle ligge i eit vatn for å få perfekt temperatur, korleis laga skikkeleg is av fløyte med 40% feitt og akkurat ved kva hus eg må stå ved i Lofoten for å få sjå den finaste plassen i verda

Det var eit fint og lærerikt møte med ein fremand

7. november 2010

Trikotasje=strikka plagg

1859: To unge menn frå Slesvig i Tyskland, Philip Christian Clausen og Johan Ernst Christian Ramm, kjem til Salhus og etablera Salhus Tricotasjefabrik
1860: Den fyrste arbeidarboligen vert bygd. Her bur det over 40 arbeiderar (i dag bur det ein familie her). Tidlegare hadde kun vore to gardar og eit gjestgiveri i Salhus
1863: Fabrikken brukar i starten bomull som dei får ferdig spunne frå Arna. No fekk dei eige ullspinneri. Bakgrunnen var den amerikanske borgarkrigen som førte til råvaremangel og høge bomullsprisar
1868: Eigen direktørbolig med utsyn over fabrikken og heile boligområdet som vaks fram med alle som kom frå distriktet for å få arbeid. Fabrikken gav tomt og lån til dei som ville bygge seg hus. Fleire tok ned lemstovene (lafta Vestlandshus) sine frå t.d. Osterøy og rodde husa sine inn til Salhus. Direktørboligen vert seinare bruka som gamleheim for tidlegare arbeiderar. I tillegg hadde arbeiderane ved Salhus Tricotasjefabrik eige sjukekasse lenge før det vart innført i resten av landet
1878: Fabrikken bygger eigen skule for arbeidarungane. Påkrevd når ein har fleire enn 30 tilsette. Fabrikken bidro og til bygging av Salhus kyrkje, losjihus og idrettshall. Dei var med på å stifte musikkorps, idrettslag og turnforening
ca. 1890: Kom dampmaskina. Tidlegare hadde alle strikke- og symaskinene vore handdrevne
1896: Fabrikken er fyrste norske fabrikk med automatisk rundstrikkemaskin til produksjon av sokkar
1915: Fabrikken får eigen transportbåt "Olav Tryggvason", som hentar kol og leverar ferdige varer som lange underbukser, sokkar, garn, islenderar og undertrøyer i fyrsteklasses kvalitet (Krone Makko)
1919: Innføring av 8 timars arbeidsdag, tidlegare 12 timar. Middagspause mellom 12.00 og 13.30. Dei gifte kvinnen gjekk heim ein time før for å stelle middag
1923: Fabrikken får ei rekkje nye maskiner, t.d. eit bomullsrenseri. Pengeskapet blir sprengt og lønningane forsvinn. Lønningane forsvinn 3 gonger. Ei gong kullsegla bybåten og i 1880 arrangera farbikkbestyraren eit innbrot og tok pengane sjølv
1928: Salhus får vegforbindelse, framleis er fjorden den viktigaste ferdselvegen
1949: Fabrikken kjøper opp Birkelund Trikotasjefabrikk med boligar
1961: Det arbeider 325 menneske på fabrikken
1962: Fabrikken bygger eige badeanlegg for arbeiderane
1966: Får Noreg sitt fyrste krympeanlegg. Nødvendig fordi fleire no vaskar kleda sine i maskin
1967: Emil Clausen (grunnleggaren sin son) døyr 93 år gamal, etter å ha vore leiar for fabrikken i nesten 60 år
1967: Sterk auke i salet
1980: Gjennomføring av rasjonalisering og omorganisering, ca 120 arbeiderar
1989: Ca 50 i arbeid. Til slutt blir fabrikken lagt ned
2001: Fabrikken blir gjort om til museum og er eit av 8 nasjonale industriminne
2010: Får eg arbeid som omvisar og får bli ein del av denne spennande og lange historien. Det er eit veldig takknemleg arbeid å få vise folk rundt i museumet. Store delar av maskinene står som dei sto då det var drift på fabrikken og det er så moro å slå på maskinene fordi ei rekkje av desse er frå slutten på 1800-talet, men kan framleis brukast

Museet held ope tysdag-fredag og sundag heile året!

De er hjartleg velkomne!

5. oktober 2010

No har eg fått meg ny paraply. Den er fin og svart, med trehandtak som avsluttast i ein fin sving slik at den ser ut som ein spaserstokk

Kvar gong eg brukar den må eg le litt. For eigentleg er ein paraply berre eit tøystykke ein held over hovudet med hjelp av nokre pinnar

Så eg ler litt eg