27. januar 2010

I dag gjekk eg forbi ein postbil og ein postmann. Han gjekk og lot bilen stå open, og baki var d fullt av verdifulle pakker. Då byrja eg å tenkje på at om eg ville kunne eg berre opna døra og ta med meg ei av pakkene i postbilen.

Så tenkte eg at om eg gjorde d så fekk eg bevise at me bur i eit samfunn der det ikkje er trygt å reise frå bilen sin ulåst nokre sekund. Og d vil eg slett ikkje.
Eg blir glad kvar gong eg oppdagar at ein kan stole på framande menneske, utan at eg hoppar inn i framande bilar om kvelden for d.

Og så kom eg på at om eg tok noko frå bilen for å bevise at det ikkje er trygt å reise frå noko ulåst så har eg eigentleg berre bevist at eg ikkje kan stole på meg sjølv.

Så no lurar eg på om eg skal låse soverromsdøra mi i natt, men uansett så vil eg vera i sama rom som meg sjølv, så dette vart ikkje lett

1 kommentar:

Kjetil Austad Endal sa...

For meg som bor i Sør-Amerika om dagen, kan jeg definitivt si meg enig i det:
på den fronten er vi heldige som bor i et så trygt land som Norge.