15. april 2011

No er det slutt på tre veker med språkkurs

Det vart feira med internasjonal buffe, der alle skulle ta med mat frå sitt eige land

Dette tok eg med:


Bollen låg surra fast i kurven bak på sykkelen min

Og eg haldt pusten kvar gong det kom ein liten hump

Men alt gjekk bra

Og alt vart borte!

12. april 2011

Bamberg

For tre veker sidan kom eg til Bamberg, Bayern, Tyskland! og d var nokså tilfeldig at eg havna akkurat her, for til slutt hadde eg surra så lenge med å finne ein plass å reise til at eg berre måtte skrive eit namn på ein lapp! Og d vart Bamberg!

Så eigentleg var det berre flaks at eg havna her! Og d er eg så UTRULEG gla for!

I Bayern bur dei uordentlege og rotete tyskerane, dei uhøgtidleg patriotiske, dei artigaste og trivlegaste tyskerane og dei med dei artigaste dialektane!

Bamberg er eit funn. Eit torg fullt av blomar, frukt og grønt, kronglete gater med gamle bygningar, bakeri med lokale søtsaker, ein liten kanal som renn rett gjennom sentrum og ein mengde isutsal!

Dessutan er ikkje veret så verst heller. D er herleg når ein aldri treng å ha på seg meir enn eit lag med klede!





Dei tre vekene eg har vore her har eg hatt eit intensivkurs i tysk for utanlandsstudentar! D kan hende mykje av d eg har lært har vore repetisjon av d eg har lært tidlegare, men d kan eg ikkje hugse så mykje av. Derfor var d så artig å oppdage kor lett d eigentleg er å snakke tysk! Ein treng ikkje kunne alle orda, d er berre å forklare med hendar og føtar. Slik lærer eg heile tida ei mengde nye ord, og d er så herleg å kjenne korleis hjernen sug til seg alle nye ord!

Men no har eg eit problem! I morgo har me ein avsluttande test for intensivkurset, og i kveld har eg hatt mitt eige intensivkurs. D har skjedd så mykje anna at eg heilt har gløymt at eg skulle arbeidd med gramatikk undervegs. D straffar seg no! Så i kveld står preposisjonar, perfekt, adjektivbøying, relativ pronomen, konjunktiv 2, passiv og bestemming av artikklar på programmet!

Heldigvis er det å bu i ein liten trivleg by der dei snakkar d språket du vil lære deg tusen gonger meir motiverande enn kun å ville gjera d bra på ei prøve!