18. september 2010

I går gjekk eg tur i regnet. Det regna både mykje og lenge. Etter ei stund tok eg meg i å tenkje "tenk å bu ein plass der det regnar heile tida!". No har det seg slik at eg bur i Bergen, der det visstnok regnar nokså mykje. Veit ikkje om eg er blitt vandt med regnet her eller om det er slik at det ikkje regnar så mykje som mange trur? I alle fall er eg glad eg ikkje bur ein plass der det regnar heile tida!

14. september 2010

Eit blikk fullt av takksemd

Mange gonger har eg gått forbi dei som sit på gata med eit pappkrus. Dei er så synlege, og eg har tatt meg i å lure på kva eg skal gjera. Det er som å sjå sitt eige dårlege samvit kvar dag og prøve å unngå augekontakt med det. Pengar vil eg ikkje gje dei, for dei veit eg ikkje kvar havnar

Ein morgo gjekk eg med eit eple i lomma. Det låg der å venta på at eg skulle bli svolten. Eg gjekk mot ein eldre mann i rullestol, som kvar dag sit på sama hjørne og som eg har sett så mange gonger før. Det byrja å vakne ein tanke i hovudet mitt, om det eplet

Eg mista motet og gjekk forbi han. Eg vart så sinna på meg sjølv, fordi eg tok meg i å tenkje at han kanskje vart fornærma om eg bau han eplet mitt. Ein som sit heile dagen og ventar på litt av andre menneske sin godhet blir ikkje fornærma av eit eple

Eg kjente framleis eplet i lomma. Med eplet i ei utstrakt hand gjekk eg mot ein mann eg har sett så mange gonger før. Det eg fekk tilbake var ei anna utstrakt hand og eit blikk

Då eg gjekk vidare hadde eg tårer i auga, og ein klump i halsen. Det forundra meg litt at eg skulle få vondt i meg av å gjera eit anna menneske noko godt

Tårene låg der lenge, og om kvelden forsto eg endeleg kvifor dei kom. Det var blikket mannen sendte meg, eit blikk fullt av takksemd