26. januar 2010

Eg har blitt avvist som blodgjevar, fordi eg heve for lågt blodtrykk. Men før eg rakk å bli avvist måtte eg fylle ut eit skjema med masse rare spørsmål, og så fekk eg ein refleks, Vestlandslefse og beskjed om å koma att om 5 år

Eg har lese ei bok som heiter "Roman art and architecture" på 230 sider, og med like mange bilete. Har sete i fleire timar og berre kosa meg med boka, og det sjølv om ho er på engelsk

I går laga eg og Kari middag i lag, det var andre gong ho var hjå meg, noko som eigentleg er altfor gale, men no heve me fått oss stammresturant og faste avtaler!

I natt var det brann i eit av nabohusa her. Det eg syns va skummelt var at ei av dei eg bur med vakna av at det lukta så røyk. Me var ikkje av dei evakuera
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Jeg-er-saa-oppgitt-1013126.html#

Eg har oppdaga at d æ to bussar eg kan ta heim, ikkje berre ein!

Eg trur eg har "knekt" storetåa, i alle fall kan eg ikkje ta av meg skorne med den foten lengre. Sama æ d med handa mi, den er pakka inn i støttebandasje og er sjeldan i bruk

For ei veke sidan var eg på mitt fyrste besøk som besøksven. Eg har førelesing frå 10 til 12 og så kan eg styre resten av tida mi sjølv. Då syns eg det er godt å kunne bruke litt av tida til å halde nokon som er engsteleg og aleine med selskap nokre timar

I dag fekk eg ei kjensle av at eg heve sø mykje pensum at eg aldri blir ferdig med å lesa og at d eg les flyt ut av hjernen med ei gong eg har lese d.

Eg heve lese ferdig ei bok om ein mann som klypte av seg halve låret, fordi kjeringe var utru og dottere skulle gifte seg og då måtte han halde tale

I går bestilte eg og Kari teaterbillettar til "En sporvogn til begjær" til mor kjem på besøk på jibursdagen min

Og no skø eg lesa noko eg skulle ha lese til i dag:
"Pre-Roman and Early Roman Iron Age" av Lotte Hedeager
"Every period sees phases in whtch research leaps forward and phases of virtual standstill. So it has been with the Early Iron Age too."

Ingen kommentarer: