24. februar 2009

No heve Ingvild reist.
Me va i Trondheim i helga, hjå eit heilt ypperleg vertskap!

Forrige veke lærte me å flette pil. Pil æ eit tre, og både vier og selje tilhøyrer pilfamilien. Pil har vore bruka som flettemateriale frå Tidenes morgon, sjølv veit eg kje kven Tidene æ.... D va spennande. Me fekk ein haug pil i fanget og då veka va slutt hae ein ei kjensla av å kunne trylle. Fyrst laga me ein botn, for sø å flette oppover kanten og til slutt seiste del, hank eller kant. Heve no sett på korger tidlegare og tenkt at d må vera utruleg vanskeleg og tidkrevjande. D seiste stemmer vel, men d va sø moro og artig å sjå korga vekse fram, vanskeleg va d no hell kje!

D æ sø spennande å arbeide mæ levande material, mæ noko som folk heve bruka i fleire tusen år. Når ein kappar ned ei pil, veks ho upp att neste år, så d kjennest nesten ut som ein samarbeider mæ naturen, i stadenfor å nedkjempe dn, slik ein sø ofte gjer.

Detta æ botnen, slik startar dei fleste korger!
Når botnen æ ferdig, stikk ein nye pinnar inn i botn, og då æ ein klar te å flette uppivi

Dei ferdige resultata ette ei veke mæ pilefletting!

Såg "Yesman" på kino i Trondheim, dn fekk meg te å tenkje litt.