11. januar starta eg på faget ARK 103, 8.mars hadde eg eksamen og i går fekk eg resultatet
Så enkelt kunne det vore, men eg har bruka så mykje tid på å tenkje
Eg har hatt så mykje dårleg samvit for
-At eg sov lengre enn eg burde
-Ikkje las så lenge som eg skulle gjort
-Tok lengre pause enn eg fortente
-Ikkje gadd å lesa dei seiste sidene i kapitelet
-At eg ikkje nytta sjangsen eg har fått fullt ut
-Fordi det er så mange som så gjerne skulle vore i mine sko, og eg følte eg ikkje
fortente å vera i dei
-For alle som har levd før meg og gjerne skulle hatt sjangsen til å gå lengre på
skulen enn til dei var 15
Eg byrja å tenkje at eg kanskje ikkje var født til noko akademisk liv, at eg heller burde finne på noko anna
Så fekk eg resultatet og kunne endeleg sleppe tankane vekk, og heller vita at eg dug!
i meir enn i ordi at me halda den arven i stad, at når fedrane sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land. Ivar Aasen
13. april 2010
30. mars 2010
Dette innlegget er ei stor takk til mor
Ho fann dei tre yndlingsgenserar min etter at eg hadde flytta frå folkehøgskulen, pakka alle kleda mine i svarte søppelsekkar, lagt dei rundt om i huset heime og skulle rydde. Då kasta eg ei mengde ting, og til slutt kunne eg ikkje sjå skilnaden mellom sekkane med klede og sekkane med søppel. Derfor trudde eg at dei var borte for alltid, noko som slett ikkje var noko artig eller populært, sidan eg har arva genserane både av mor og far. Har til og med sett meg sjølv som 2-åring på film, med far i bakgrunnen med ein av genserane mine! Så då mor leita etter anorakken sin og det viste seg at eg hadde pakka vekk genserane til vinteren att vart eg mykje meir enn utruleg overlykkeleg glad!
Så tusen takk mor!

28. mars 2010
Oppskrift på kake i ein fei!
6 eggekviter
500 g sukker
Piskast stivt
350 g peanøtter
1 pk Ritzkjeks
Hakkast og blandast i eggogsukker-blandinga i lag med
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
Steik dette i ovnen i litt over ein time på 180 grader
Smelt to plater ljos kokesjokolade og 100 g smer, i lag med 6 eggeplommer og 100 g melis
Hell glasuren over kaka når den er kald
Legg så kaka i ein bolle og slå laus til den har gått sund, og ha bitane i ein miksmaster. Kaka skal vera heilt knust
Pisk eggedosis av 5 egg og ein god del sukker på slump og bland dette saman med den mosa kaka og 200 g grovhakka peanøtter
Steik kaka til den er mjuk inni og då har du endeleg ei kake som var lett å lage og som slett ikkje tok tid eller krefter

26. mars 2010
På måndag tok eg bussen til ein fin liten plass utanfor Bergen, til ein stor bygning der det sto Salhus trikotasjefabrikk anno 1859. Kjentest ut som eg hadde gått tilbake i tid, og det var ei herleg kjensle
Fabrikken er no gjort om til museum og eg var det på mitt alle fyrste jobbintervju
Etter intervjuet fekk eg sjå ein film som fortalde historien bak industrieventyret Salhus trikotasjefabrikk og så fekk eg ein smugtitt inn i eit av roma der maskinene har stått sidan fabrikken vart stengt i 1989. Der inne lukta det så godt, av ull og gamledagar. Kom rett tilbake til 1859 att
Torsdag reiste eg heim til påske, til ein plass nedlest i sno og tåke, som ikkje har letta endå
I dag fekk eg ein telefon om at eg har fått arbeidet
Så no likar eg å kalle meg kulturhistorieformidlar (eller omvisar)
Og snart får eg masse lesestoff i posten som eg vil og må lære meg!
http://museumsnett.no/salhus/norsk%20trikotasjemuseum.htm

23. mars 2010
Er trua på at det finst ei høgare makt noko me har lært? Eller vil kven som helst som aldri har lært noko om religionar henvende seg mot noko som er høgare enn seg sjølv når ein havnar i ein farleg situsajon?
Eg er ikkje religiøs i dag, men eg kan tenkje meg at om eg havnar i ein livsfarleg situasjon der eg kjenner at eg misser kontrollen ville eg kunne henvende meg til ein gud. Den guden ville då kanskje vera nokså lik den kristen guden, sidan det er kristendomen som er statsreligionen og det er den eg kjenner best til
Eg berre lurar på om eg hadde kome til å henvende meg til ei høgare makt om eg havna i ein slik situasjon om eg aldri hadde lært noko om religionar, aldri lært at nokon menneske trur at det finst meir mellom himmel og jord enn det ein kan ta og føle på
Vil eit slik menneske berre stole på seg sjølv, eller ligg trua på noko meir i hovudet utan at det treng å bli planta der?
Religionar har oppstått ei gong, og det må vel bety at det var noko før det? Kva tenkte dei menneska?

15. mars 2010
Det hender, når eg går med sko som passar til veret, at eg ler når eg ser folk som må hoppe over vassdammar eller gå omvegar fordi dei har tatt på seg sko som slett ikkje passar til veret
I dag kunne nokon ha ledd av meg
Men slik går det når ein skal feire ein etterlengta vårdag i Bergen som fort snur til å bli ein av mange snoversdagar
Men eg redda meg, for i Bergen er det like vanleg å ha ein paraplyen under armen som det er å ha eit bankkortet i lomma
Og eg kjem nok til å fortsetje å le litt av folk i upassande fottøy, i alle fall høge hælar på is

10. mars 2010
Forrige innlegg va eit forsøk på å vera litt ironisk
Eg hadde liksom håpa at nokon skulle skjønne at eg eigentleg prøva å hinte te at dei måtte oppdatere bloggen sin (litt oftare), men eg er usikker på om det nådde fram
Etter at eg hadde skrive forrige innlegg byrja eg å tenkje at NO har eg i alle fall kvitta meg med dei få leserane eg hadde, og det var i alle fall ikkje meininga, eg ville berre få fram eit poeng
Eigentleg gjorde det litt vondt å skrive at eg skulle legge ned, for dette er einaste loggen eg har av livet mitt, bortsett frå hjernen min og det er ikkje alltid den heng med
Så i dette innlegget prøvar eg å sei at bloggen min ikkje er nedlagt og at eg håpar at eg ikkje har skremt bort "alle" leserane mine!

Abonner på:
Innlegg (Atom)