19. april 2010


No har "ein" som heiter Max Marketing ringt til meg 5 gonger sidan eg kom att til Bergen, og det er berre ei veke sidan. "Han" er ein telefonseljar som stiller alle moglege spørsmål for å selje resultatet til alle moglege bedrifter. Har fått spørsmål om kva matforretningskjede som er best på ferske brød, frukt og grønt osv, kva bank som har best rente på boliglån osv. Syns slike telefonar er litt artige eg, men det som plagar med er at han Max ikkje har vit til å ringe når eg har telefonen med meg.

Max foretek undersøkjingar som han sel vidare slik at bedrifter kan vita korleis marknaden er og kva forhold kundane har til ulike produkt. Men eg har byrja å lure på om ein kan stole på slike undersøkjingar. For svarar folk ærleg og gjennomtenkt på slike spørsmål per telefon?

No har eg venta så lenge på å få svara når Max ringer at no drøymer eg om det og. Drøymde at han ringte og så enda det med at han skulle anmelde meg til politiet fordi eg ikkje hadde svara ærleg.

Kanskje kan eg lære noko av den draumen og?

13. april 2010

11. januar starta eg på faget ARK 103, 8.mars hadde eg eksamen og i går fekk eg resultatet

Så enkelt kunne det vore, men eg har bruka så mykje tid på å tenkje

Eg har hatt så mykje dårleg samvit for

-At eg sov lengre enn eg burde
-Ikkje las så lenge som eg skulle gjort
-Tok lengre pause enn eg fortente
-Ikkje gadd å lesa dei seiste sidene i kapitelet
-At eg ikkje nytta sjangsen eg har fått fullt ut
-Fordi det er så mange som så gjerne skulle vore i mine sko, og eg følte eg ikkje
fortente å vera i dei
-For alle som har levd før meg og gjerne skulle hatt sjangsen til å gå lengre på
skulen enn til dei var 15

Eg byrja å tenkje at eg kanskje ikkje var født til noko akademisk liv, at eg heller burde finne på noko anna

Så fekk eg resultatet og kunne endeleg sleppe tankane vekk, og heller vita at eg dug!

30. mars 2010

Dette innlegget er ei stor takk til mor
Ho fann dei tre yndlingsgenserar min etter at eg hadde flytta frå folkehøgskulen, pakka alle kleda mine i svarte søppelsekkar, lagt dei rundt om i huset heime og skulle rydde. Då kasta eg ei mengde ting, og til slutt kunne eg ikkje sjå skilnaden mellom sekkane med klede og sekkane med søppel. Derfor trudde eg at dei var borte for alltid, noko som slett ikkje var noko artig eller populært, sidan eg har arva genserane både av mor og far. Har til og med sett meg sjølv som 2-åring på film, med far i bakgrunnen med ein av genserane mine! Så då mor leita etter anorakken sin og det viste seg at eg hadde pakka vekk genserane til vinteren att vart eg mykje meir enn utruleg overlykkeleg glad!

Så tusen takk mor!


28. mars 2010

Oppskrift på kake i ein fei!

6 eggekviter
500 g sukker
Piskast stivt
350 g peanøtter
1 pk Ritzkjeks
Hakkast og blandast i eggogsukker-blandinga i lag med
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Steik dette i ovnen i litt over ein time på 180 grader

Smelt to plater ljos kokesjokolade og 100 g smer, i lag med 6 eggeplommer og 100 g melis

Hell glasuren over kaka når den er kald

Legg så kaka i ein bolle og slå laus til den har gått sund, og ha bitane i ein miksmaster. Kaka skal vera heilt knust

Pisk eggedosis av 5 egg og ein god del sukker på slump og bland dette saman med den mosa kaka og 200 g grovhakka peanøtter

Steik kaka til den er mjuk inni og då har du endeleg ei kake som var lett å lage og som slett ikkje tok tid eller krefter

26. mars 2010

På måndag tok eg bussen til ein fin liten plass utanfor Bergen, til ein stor bygning der det sto Salhus trikotasjefabrikk anno 1859. Kjentest ut som eg hadde gått tilbake i tid, og det var ei herleg kjensle

Fabrikken er no gjort om til museum og eg var det på mitt alle fyrste jobbintervju

Etter intervjuet fekk eg sjå ein film som fortalde historien bak industrieventyret Salhus trikotasjefabrikk og så fekk eg ein smugtitt inn i eit av roma der maskinene har stått sidan fabrikken vart stengt i 1989. Der inne lukta det så godt, av ull og gamledagar. Kom rett tilbake til 1859 att

Torsdag reiste eg heim til påske, til ein plass nedlest i sno og tåke, som ikkje har letta endå

I dag fekk eg ein telefon om at eg har fått arbeidet

Så no likar eg å kalle meg kulturhistorieformidlar (eller omvisar)

Og snart får eg masse lesestoff i posten som eg vil og må lære meg!

http://museumsnett.no/salhus/norsk%20trikotasjemuseum.htm

23. mars 2010

Er trua på at det finst ei høgare makt noko me har lært? Eller vil kven som helst som aldri har lært noko om religionar henvende seg mot noko som er høgare enn seg sjølv når ein havnar i ein farleg situsajon?

Eg er ikkje religiøs i dag, men eg kan tenkje meg at om eg havnar i ein livsfarleg situasjon der eg kjenner at eg misser kontrollen ville eg kunne henvende meg til ein gud. Den guden ville då kanskje vera nokså lik den kristen guden, sidan det er kristendomen som er statsreligionen og det er den eg kjenner best til

Eg berre lurar på om eg hadde kome til å henvende meg til ei høgare makt om eg havna i ein slik situasjon om eg aldri hadde lært noko om religionar, aldri lært at nokon menneske trur at det finst meir mellom himmel og jord enn det ein kan ta og føle på

Vil eit slik menneske berre stole på seg sjølv, eller ligg trua på noko meir i hovudet utan at det treng å bli planta der?

Religionar har oppstått ei gong, og det må vel bety at det var noko før det? Kva tenkte dei menneska?