22. februar 2010

Eksamensnervene er heilt borte og eg har lært meg 24 romerske keiserar på rams, så no er det moro å lesa til eksamen

20. februar 2010

I dag var eg og Kari på naturhistorisk museum her i Bergen. Museet er som ein skjult skatt, for folk går forbi der kvar dag, men innanfor er det nesten ingen. Museet var dessverre litt redusera i dag, kvalutstillinga, som var viktigaste grunnen til at me kom dit, og steinutstillinga var avstengt, men seinare skulle dei opne att og då skulle det koma guidar som skulle ha omvisning der, så då kjem me vel att. Ellers var me innom strikkeutstillinga, misjonsavdelinga, indianer- og egyptutstillinga.

Eigentleg er eg ikkje heilt sikker på om eg likar at ein legg mumiar i glasmonterar, og stiller ut menneske på ein slik måte. Eg likar i alle fall ikkje tanken på at nokon skal grava meg opp om 2000 år. Den viktigaste kjelda når arkeologar skal finna ut korleis folk levde i tidlegare tider er graver, så kanskje må eg revurdere heile yrkesvalet mitt.

Uansett så skal eg gjennomføre eksamen eg har om 14 dagar, der pensum er Europa frå 1000 f.kr til 500 e.kr. Då skal eg hugse på kor tid ein brente dei døde, når ein gravla dei i haugar med masse smykke og våpen, når menneske og husdyr dela sama hus, når kelterane, frankerane, germenerane, goterane, romerane, gallerane og carpaterane flytta kring og kvar dei reiste, når bronse og jarn kom til Skandinavia og kvar i Noreg maktsentra var i bronse- og jarnalderen. Tingen er at det er kjempespennande, men det kjennest som eg aldri blir ferdig med å lesa pensum og det blir eg litt stressa av.

Men no trur eg at eg har funne noko som kan hjelpe meg, ei bok som heiter "Memo" av Oddbjørn By. Har alt lært meg at hydrogen, helium, litium, beryllium, bor, karbon, nitrogen, oksygen, fluor og neon er dei ti fyrste grunnstoffa og at Russland, Canada, USA, Kina, Brasil, Australia, India, Argentina, Kasakstan, Sudan, Algerie, Kongo, Saudi-Arabia og Mexico er dei 14 største landa i verda, i rekkjefølgje etter storleik. Så dette har eg tru på at kan hjelpe meg litt til å hugse meir til eksamen, alle fall er det artig å prøve!

18. februar 2010

Heiter det

Kjem snart att

ell

Kjem att snart?

14. februar 2010

No har eg akkurat sendt min fyrste søknad om arbeid

Eg håpar å få arbeid ved Salhus Trikotasjofabrikk, som er eit strikkemuseum

Det eg ikkje la merke til var at eg i søknaden skriv at eg er 21 år

Eg er 21 år, men eg har berre vore det i 2 dagar og no virkar det som hendane mine alt er blitt vane med det, men det har ikkje hovudet mitt

11. februar 2010

Mor kjem!

No sit mor på bussen til Bergen, og om to timar er ho her

Eg har rydda, støvstuga, stifta sengetøy, lagt ut handklede, vore å handla til skikkeleg middag

Grunnen til dette var ikkje fordi mor skal tru at eg er så ryddig av meg, for det veit ho at eg ikkje er. Men dette er faktisk fyrste gong mor skal koma på besøk til min heim. Tidlegare har eg berre hatt eige soverom og dela kjøken og bad med 1/8/20/43/180. Sjølv om eg delar huset med 3 andre så kjennest det så mykje meir som mitt. Det var ei herleg kjensle dei fyrste gongene eg hadde vore ute og kunne låse meg inn i "mitt" hus.

Så grunnen til at eg rydda og ordna er at no skal eg endeleg få vise mor "mitt" hus, ette å ha budd i hennar hus i 16 år

Eg skal få min aller fyrste overnattingsgjest i "mitt" hus og eg har kjøpt appelsinjuice og kaffepulver

10. februar 2010

Er det lov å sei nei når ei gamal dame spør om å få låne armen din ned ein bakke?

Sjølvsagt er det det

Men kven gjer det?

Eg takkar heller for tilliten og rekkjer utarmen