20. februar 2010

I dag var eg og Kari på naturhistorisk museum her i Bergen. Museet er som ein skjult skatt, for folk går forbi der kvar dag, men innanfor er det nesten ingen. Museet var dessverre litt redusera i dag, kvalutstillinga, som var viktigaste grunnen til at me kom dit, og steinutstillinga var avstengt, men seinare skulle dei opne att og då skulle det koma guidar som skulle ha omvisning der, så då kjem me vel att. Ellers var me innom strikkeutstillinga, misjonsavdelinga, indianer- og egyptutstillinga.

Eigentleg er eg ikkje heilt sikker på om eg likar at ein legg mumiar i glasmonterar, og stiller ut menneske på ein slik måte. Eg likar i alle fall ikkje tanken på at nokon skal grava meg opp om 2000 år. Den viktigaste kjelda når arkeologar skal finna ut korleis folk levde i tidlegare tider er graver, så kanskje må eg revurdere heile yrkesvalet mitt.

Uansett så skal eg gjennomføre eksamen eg har om 14 dagar, der pensum er Europa frå 1000 f.kr til 500 e.kr. Då skal eg hugse på kor tid ein brente dei døde, når ein gravla dei i haugar med masse smykke og våpen, når menneske og husdyr dela sama hus, når kelterane, frankerane, germenerane, goterane, romerane, gallerane og carpaterane flytta kring og kvar dei reiste, når bronse og jarn kom til Skandinavia og kvar i Noreg maktsentra var i bronse- og jarnalderen. Tingen er at det er kjempespennande, men det kjennest som eg aldri blir ferdig med å lesa pensum og det blir eg litt stressa av.

Men no trur eg at eg har funne noko som kan hjelpe meg, ei bok som heiter "Memo" av Oddbjørn By. Har alt lært meg at hydrogen, helium, litium, beryllium, bor, karbon, nitrogen, oksygen, fluor og neon er dei ti fyrste grunnstoffa og at Russland, Canada, USA, Kina, Brasil, Australia, India, Argentina, Kasakstan, Sudan, Algerie, Kongo, Saudi-Arabia og Mexico er dei 14 største landa i verda, i rekkjefølgje etter storleik. Så dette har eg tru på at kan hjelpe meg litt til å hugse meir til eksamen, alle fall er det artig å prøve!

1 kommentar:

Unknown sa...

Den grunnstoff regla lærte jeg meg for et par år siden, men nå har jeg glemt den. Så for meg funker ikke slik memo huskin gover en lengre periode. Kanskje det funker for deg?