14. mai 2010

I går var det Kristi himmelfartsdag, ein heilagdag då ungar hadde fri frå skulen og mange fri frå arbeid. Eg hadde uansett fri så for meg så hadde ikkje den dagen så mykje å sei, men akkurat som på 1.mai var det nokre butikkar som var opne. Det er ikkje så vanskeleg å ikkje gå på butikken akkurat den dagen, men eg gjorde det likevel og fekk ei kjensle av at eg gjorde noko eg ikkje burde.

Det gjald kanskje særleg 1.mai. Eg gjekk på butikken, men eigentleg tenkte eg at eg ikkje burde gjera det, for då var eg med på å oppfordre butikkar til å halde opne den dagen, noko eg eigentleg ikkje er så begeistra for. Er det så veldig vanskeleg å halde stengt ei dag når butikken er open kvar dag (sundag au) til vanleg?

På heilagdagar og flaggdagar og andre fridagar byrjar eg alltid å tenkje på korleis eg kan markere denne dagen. Eg byrjar å lure på korleis folk feirar slike dagar. Nokre av desse dagane syns eg ikkje at kan gå forbi meg som vanlege dagar. Det gjeld særleg dagar som 1. og 8.mai.

Eg føler det er dagar som er noko ekstra, som ein ikkje kan gjera til kvardagar og derfor får eg og litt vondt i meg når eg går på butikken dei dagane

Ingen kommentarer: