4. februar 2010

Kor går grensa......

....for å reise seg for eit eldre menneske på bussen? Når eg tek bussen får eg som regel sitteplass fordi eg går på så tidleg, men etterkvart må eg nesten alltid reise meg fordi det kjem nokon som har meir glede av den plassen enn meg. Eg har ikkje noko i mot å stå, men av og til lurar eg på om eg skal reise meg eller ikkje

Eg tek meg i å tenkje "er den mannnen gamal nok" eller "kanskje den dama er så gamal at ho blir glad når eg reiser meg". Eg er ikkje avhengig av positiv respons når eg gjev frå meg setet slik, men det hender nokon blir fornærma fordi du tenkte at dei kunne ha glede av å sitje på bussen

Så kor går eigentleg grensa for å reise seg for eit eldre menneske på bussen?

2 kommentarer:

Kjetil Austad Endal sa...

Her i byen reiser man seg på bussen for damer, uansett! Det er en grei huskeregel. Og kanskje skikkelig gamle menn også.

Solgunn sa...

Eg kjenne meg igjen! For någen vil ikkje innrømma at dei begynne å bli gamle, og blir sure! For min del går det litt på om dei e dårlige t beins, uansett alder...