4. oktober 2008

"Så länge skutan kan gå, så länge
hjärtat kan slå, så länge solen
den glitrar på böljorna blå, om blott en
dag eller två så håll tillgoda ändå, för det finns
många som aldrig en ljusglimt kan få! Och vem har
sagt att just du kom till världen för att få
solsken och lycka på färden?"



No heve eg vore mæ på ei 5 dagars reise som vanskeleg let seg beskrive. Men eg skriv eit lite samandarg, sjølv om d best let seg gjenforteljast ved å sjå på bileta.

Dag 1: Segling i frå ca. kl. 11 til kring kl. 18. Då hae me komi halvvegs og me la te ved eit berg, slik at me måtte klatre i taug opp eit lite "fjell" viss me sille i land. Elles sat me i båtane og åt, song, spela gitar og såg på himmelen som va heilt stjerneklar.

Dag 2: Seiste halvdel fram te måli fø turen, Utsettøya, starta mæ kapproing ut av vika me sov i før me heisa segle og vinden gav fart og sola farge i kjakane. Ved lunsjtider traff me på ei vindstille, sø me batt adde båtane i hop midt på havet og åt i lag. Då va lufte varm og utan vind, og me kunne endeleg ta av oss eit av dei mange lage mæ klæi. Sø kom me fram te Vika der båtane vart fortøyd og me kunne endeleg hoppe i land etter 7-8 timar på sjøen. Eit par timar seinare va d middag om bord i båtane, og plutseleg gjekk d kje lendre ann å gå om bord, ein måtte bli rodd. Vatnet hae senka seg nesten 2 meter, og ein byrja endeleg å skjønne skilnaden på flo og fjøre!

Kvelden gjekk fort, medan me song, spela fotball, leika ulike leikar, åt og bada!

Dag 3: Sauesanking! Skulen heve ca. 50 villsauer som me sprang rundt heile øya for å få dei samla i ei lita innhenging. Sø plukka me ut dei som sille tebakars te skulen og slaktast, og resten vart medisinera før dei slapp "ut" att! Me bar dei sauine som sille te skulen på hærane (skuldrane) på are sia av øya der d vente ein robåt som fekk dei om bord i Frøya, båten som sille segle dei te fastland.

Resten av dagen gjekk mæ te å flytte leiren, fø vinden vart sø kraftig og bølgjene sø høge at d nesten kje gjekk ann å koma ombord i båtane som låg lengst ut.

Dag 4: I dag slakta me ein sau, som seinare vart te middag. Den blei slått bevisstlaus mæ øks før ein tappa blodet av den og flødde den. Sea vart innmaten teken ut og d som kunne brukast vart steikt og servera. Elles fekk me sjå magesekksystemet te drøvtyggerene på nært hald, og d va veldig interesant! Sauen vart steikt på spyd og servera mæ ris, koskos og gulrøtar. I tillegg fekk me blodpånnekakur, noko som likna på sjokoladekake og smaka krydder og litt anna:) Eg seier kje at d va vondt!

Heile kvelden leike me gamle leikar og kosa oss!

Dag 5: Herleg, endå ein dag på sjøen. D va sø herleg å sitje framme i båten og kjenne korleis bølgjene løfter båten opp og ned. Hell i uhell heiter d væl når noko uheldig fører mæ seg noko bra, og slik va tebakarsturen. Me hae motvind heile turen og fekk dermæ kje segla nokon ting. Båten eg segla mæ, Skårungen, va einaste båt utan motor på turen, sø me måtte bli dregi mest heile vegen av Frøya. Hellet va at mæ motvind bli d høgare bølgjer og eg kan kje førestille meg at d gjeng ann å bli sjøsjuk når ein heve tegang te sø mykje frisk luft. Seiste timen fekk me segle inn til havne og d va moro, fø då fekk eg styre bolina, kanskje d viktigaste tauget på båten!

2 kommentarer:

Sigrun sa...

Eg e misunneleg på deg, Signe! Utruleg heldig du e!! Dette virka kjekt, kan ikkje si noko anna...

Signe sa...

ja d va sø moro at eg sille ynskje adde fekk sjangsen te å oppleva d!!!