7. juli 2010

Forrige torsdag hadde eg besøk av ein journalist på støylen. Han laga ein reportasjeserie om "Verdas beste sommararbeid". Den dagen var himmelen heilt blå, sola varma føtane mine og geitane var berre snille, så det var ikkje vanskeleg å overbevise journalisten om kor fint det er å vera budeie. Han arbeidde for Telemarkssendinga, så høyr på denne kanalen (P1) kvar måndag 6.40 framover, så kjem eg nok til slutt.

I dag var den ein anna journalist på støylen, som har 50 års jubileum i år, for å laga ei reportasje om feiringa. Han filma alt eg gjorde, og spurte om masse om drifta. Det var ikkje så lett å svara lett og naturleg med eit kamera rett i fleisen, men me får no sjå korleis det går. Det kjem både på radioen, ei gong over helga, og 3 min på fjernsynet, men eg veit ikkje kva program det kjem på.

Det vil eg heller eigentleg ikkje vita, for eg har ikkje så lyst til å sjå det. Men eg måtte no berre sei i frå.

1 kommentar:

Unknown sa...

hehe :) Sø moro. Tilfeldigvis va eg inne på nrk sine nettsider, på telemarkssida. Der va ein link til det besøket du hae. Eg blei iviraska ivi at det var du som var der! Sø moro :) Her æ linken, men du he kanskje alt sett det. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7207091

Skø prøve å sjå om eg kan finne klippet au :) Eg trur eg kjæm heim i sommar forresten, men berre ei lite hæg, heilt i slutten av juli.

Kari