21. juli 2007

Nytt innlegg.....!

No æ d på tie mæ litt uppdatering på bloggen min. No heve eg starta å arbeide, men frå 10. juli te 18 juli va eg på tur. Fyst va eg i gjibusdag te Hilde i Halden. D va kjempestas. Me va ca. 20 stykke som åt pylsur, kake og gele, slik som små ungar gjer!
i tillegg trena me upp lungune køss då me blåste upp kring 200 ballongar! Eigentleg kan eg ikkje blåse upp ballongar, fø add lufte kjem berre ut nøse då, men fann ut at eg berre kunne halde meg fø nøse, så då gjekk alt bra! Hilde vart 18 år 11. juli, og fredag 13. juli reiste me te London! På besøk hjå Therese og Marlene. Alt gjekk kjempefint på turen dit, flyet va berre 30 min for seint, og d måtte ein kanskje reikne mæ! Me budde på toppen av huset/leiligheten der Therese og Marlene, som hadde 4 bad, 4 soverom og 4 etasjer! Heilt sjukt....!

På laurdag handla me i Oxford street, som æ hovudhandlegata i London. Me va au innom ei Disneybu. Sø hadde me lunsjpause i Hyde Park, saman mæ Therese og Marlene, som hae vore på museum. På kvelden tok me undergrunnen te Tottenham, der me kjøpte kokosnøtt mæ sugerør. Va gøtt....! Sø reiste me på musikal, FAME!!!! D va knallmoro, skikkeleg stemning og goode skodespelerar. Ettepå åt me pizza på Pizza hut!

Sundag arbeidde Therese og Marlene halve dagen, sø då reise eg og Hilde på Londons kanskje beste marknad, Camden. Der va d vanvitting mykje folk og butikkar og boder. Va der heile dagen, handla litt, såg på adde dei rare folka som va der og åt masse rar god mat. Me åt kinesisk/thaimat, i tillegg selde dei maksikansk og indisk mat, maiskolber, massevis av salatar, kaker, bollar og smoltringar mæ add vardas fyll osv..... Både eg og Hilde kjøpe kønn nokon artige luver av ei søt afrikanske dame!
Burtsett frå at d regna i kanskje 10-15 min sundag, hae me berre fint ver!
Ettepå grilla me på/utanfor sjømannskyrkja, d va knallgøtt

På kvelden reiste me på Harry Potter nr.5, d va artig veittu. Og ettepå reiste me på bar...Desperados! hehe

På måndag åt me morgomat ved Themsen, rett ved restaurera dei ein stor seglbåt, som me va på då eg va der fø 10 år sidan. Ettepå handla me litt meir, og så reiste me på Hamleys, som æ ei leikebu mæ heile 7 etasjer. Bruka eit par timar der ja, særleg i avdelinga mæ kosebamsar....! Sø reiste eg og Hilde på British museum, skø ikkje sei kor mange timar me bruka der!

På kvelden åt me trirettars middag på Pizza hut, nachos, pizza og sø mykje is du berre kan stappe i deg. Åt litt mykje fø eg vart skikkeleg kvalm. Då me reiste fekk me kvarsin heliumballong, sø då me reiste på bue ettepå, va d ikkje vanskeleg å finne kvarandre, va berre å sjå på toppen av mathyllene d. Då me kom tilbake te huset "åt" me upp heliumballongane, og song!

Tysdag berre surra me på ei matbu før me reiste te kyrkja og åt lunsj/dugur. Sø tok me "tuben" og bussen te Stansted, flyplassen. Der sto me i ein evig lang kø fø å få sjekka inn bagasjen. Sø sto me i ein endå lengre kø fø å koma gjennom sikkerhetskontrollen, ette at me hae løyst reiknestykke 4=2+2=4=2! Viss nokon skjønna!

Flyet va føseinka mæ heile 40 min, og Hilde fekk ei melding av mor si om at viss flyet va 30 min fø seint, sø rakk me bussen "heim" te Aust-fold. Viss me ikkje rakk den sø måtte me søva på Gardermoen, fø neste buss gjekk ikkje før kl. 6 om morgonen! Skø sei me stressa mæ å få tak i bagasjen ette me hae landa. Me rakk bussen AKKURAT, hae me surra 2 sek te hae bussen reist! Bussen gjekk te Fredrikstad der mor te Hilde henta kønn. Me reiste frå sjømannskyrkja te flyplassen då kl va halv 4, flyet gjekk 10 over halv 9 og me va heime hjå Hilde kl. halv 3-3 på nåtte. Då va me slitne og søv lenge neste dag. Tok toget te Oslo og bussen heim. Gjett om d va gøtt å sjå mor, far og Ingvild att då? JA!


Hilde tek ei lite handlepause i Oxford street


Hilde på broa over Themsen, me budde rett bak dei håge håghuse!

Signe på Camden Market

Smøltringar

Blabla


Hilde, Therese som tek bilete av ein snigle og Marlene

Morgomat i Greenwich rett ved Themsen

Greenwich

Hilde på leikebue Hamleys

Kosebamsar på Hamleys

Etter Pizza Hut

Therese og Marlene på Pizza Hut

Hilde og eg på British museum

På handletur...!

Her budde me...!

Omdirigering av handbagasje

På veg heim!

1 kommentar:

Ingebjørg sa...

Signe? kan ikkje du oppdatera snart? Eg lure på ka livet ditt handle om nå for tiå...?